Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår endring av plan for Straume Sjøfront

Komité for plan og utvikling (KPU) rår kommunestyret til å godkjenna vesentleg endring av delar av detaljreguleringsplan for S4 Straume Sjøfront på Straume. Den nye planen legg til rette for inntil 325 bustadeiningar som er 125 fleire enn i gjeldande plan. KPU behandla saka på tysdag.

Planområde og eksisterande situasjon. Foto: ABO Plan & Arkitektur
Planområde og eksisterande situasjon. Foto: ABO Plan & Arkitektur

Planen legg elles til rette for næringsareal, parkeringsplassar, offentleg strandpromenade og småbåthamn. Planen som no er klar for sluttbehandling, har fått 11 merknader i høyringsperioden. Fylkesmannen, som hadde motsegn til planen, har trekt motsegna etter dialog med kommunen. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Plan for Espedalen, Kolltveit

Komitéen går også inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Espedalen, Kolltveit. Denne planen legg til rette for 24 bustadeiningar i form av konsentrerte bustader og infrastruktur. Planen inkluderer også to eksisterande einebustader. Kommunestyret avgjer saka.

Plan for Luren, Foldnes

Også denne planen er klar for sluttbehandling. Planen legg til rette for bygging av 17 nye bustadeiningar, infrastruktur, 10 nye naust, badeplass og småbåtanlegg for 17 båtar fordelt på to flytebryggjer. KPU tilrår at planen vert godkjent. Kommunestyret avgjer saka.
KPU vedtok at framlegg til detaljreguleringsplan for Steinsgardvegen, Landro (inntil 10 nye bustadeiningar) vert lagt ut til offentleg ettersyn.

KPU behandla fire klagesaker.

Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 05.06.2019