Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår finansieringsopplegget for Sotrasambandet

Formannskapet gjekk med åtte mot eí røyst (Frp) i dag inn for rådmannen sitt framlegg til utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet. Frp røysta for sitt eige framlegg om å visa til at Sotrasambandet er så viktig at det må fullfinansierast av staten og at staten dermed må leggja fram ein finansieringsplan utan bompengar. Saka går no vidare til behandling i kommunestyret.

Seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Helge Sandvik, orienterte om bompengesaka.
Seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Helge Sandvik, orienterte om finansieringsopplegget for Sotrasambandet.


Før behandlinga av saka i formannskapet i dag, var det orientering ved seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Helge Sandvik. Han opplyste mellom anna at ved større inntening enn kalkulert, vil bompengeperioden verta redusert. I finansieringsopplegget er det lagt til grunn
ein bompengeperiode på 20 år.

Sandvik vart utfordra til å svara på om han er trygg på at bompengesaka vert behandla i Stortinget i løpet av dette halvåret.

- Då må eg berre seia at det er ikkje mitt bord, sa Sandvik. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy understreka at målet til Fjell kommune er at saka vert behandla i Stortinget i løpet av våren.

I innstillinga frå formannskapet vert det lagt til grunn ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida er auka frå 15 til 20 år. Det er føreslått at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru.

Nullutsleppskøyretøy skal betala halvparten av ordinær takst. Det er lagt til grunn ein rabatt på 20 prosent ved bruk av brikke og inngått avtale for køyretøy gruppe eín. Prisen for køyretøy i gruppe to er sett til 98 kroner. Der er det ikkje lagt inn rabattordning ved bruk av brikke. Takstane vert justerte i samsvar med prisutviklinga.

Staten bidrar med 53 prosent

I Statens vegvesen sitt forslag til utbyggings- og finansieringsopplegg, som formannskapet no sluttar seg til, er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 9,6 millionar kroner i 2017-nivå. Dette er om lag 1,9 milliardar kroner meir enn det overslaget som vart lagt til grunn i stortingsmelding 26 (2012-2013).

Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar, og det er føreslått ein statleg del av finansieringa på 53 prosent. Det er rekna med sju milliardar kroner i samla bompengeinntekter. Dette skal dekka lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidrag til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Prosjektet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (Offentleg privat samarbeid). OPS-kontrakten er ein avtale mellom staten og OPS-selskapet og vedkjem ikkje bompengeselskapet.

Bompengesaka er også til behandling i kommunane Sund, Øygarden, Askøy og Bergen. Sund formannskap behandla saka den 31. januar og gjorde identisk innstilling som formannskapet i Fjell gjorde i dag. Fylkeskommunen skal også behandla saka og i tillegg ta stilling til garanti for låneopptak.

Etter behandling i kommunane (inklusive fylkeskommunen), vert saka sendt vidare til Vegdirektoratet der prosjektet mellom anna skal kvalitetssikrast eksternt (KS2). Det vert fremja ein stortingsproposisjon om finansiering og gjennomføring av prosjektet. Etter stortingsvedtak vert det utforma avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet.

Fullmakt i sak om eigedomsgrenser

Formannskapet gjekk elles inn for å gje rådmannen myndigheit til å førebu og bringa ei sak om omtvista grense mellom eigedomar på Møvika inn for domstolen. I innstillinga heiter det vidare at kommuneadvokaten får prosessfullmakt til å føra saka i domstolane.

Orientering

Før behandlinga av sakene tok til, var det orientering ved Lemminkäinen asfaltverk. Leiinga i selskapet er usikker på framtidig drift i Knarrvika som følgje av realisering av nytt sotrasamband. Lemminkäinen er interessert i å få signal frå kommunen om det er grunnlag for selskapet å arbeida vidare med alternativ lokalisering av verksemda på Søre Straume.


Tekst og foto: Vigleik Brekke







Før behandlinga av saka i formannskapet i dag, var det orientering ved seniorrådgjevar i Statens vegvesen, Helge Sandvik. Han opplyste mellom anna at ved større inntening enn kalkulert, vil bompengeperioden verta redusert. I finansieringsopplegget er det lagt til grunn ein bompengeperiode på 20 år.

Sandvik vart utfordra til å svara på om han er trygg på at bompengesaka vert behandla i Stortinget i løpet av dette halvåret.

- Då må eg berre seia at det er ikkje mitt bord, sa Sandvik. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy understreka at målet til Fjell kommune er at saka vert behandla i Stortinget i løpet av våren.

I innstillinga frå formannskapet vert det lagt til grunn ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida er auka frå 15 til 20 år. Det er føreslått at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru. Nullutsleppskøyretøy skal betala halvparten av ordinær takst. Det er lagt til grunn ein rabatt på 20 prosent ved bruk av brikke og inngått avtale for køyretøy gruppe eín. Prisen for køyretøy i gruppe to er sett til 98 kroner. Der er det ikkje lagt inn rabattordning ved bruk av brikke. Takstane vert justerte i samsvar med prisutviklinga.

Staten bidrar med 53 prosent
I Statens vegvesen sitt forslag til utbyggings- og finansieringsopplegg, som formannskapet no sluttar seg til, er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 9,6 millionar kroner i 2017-nivå. Dette er om lag 1,9 milliardar kroner meir enn det overslaget som vart lagt til grunn i stortingsmelding 26 (2012-2013). Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar, og det er føreslått ein statleg del av finansieringa på 53 prosent. Det er rekna med sju milliardar kroner i samla bompengeinntekter. Dette skal dekka lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidrag til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Prosjektet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (Offentleg privat samarbeid). OPS-kontrakten er ein avtale mellom staten og OPS-selskapet og vedkjem ikkje bompengeselskapet.

Bompengesaka er også til behandling i kommunane Sund, Øygarden, Askøy og Bergen. Sund formannskap behandla saka den 31. januar og gjorde identisk innstilling som formannskapet i Fjell gjorde i dag. Fylkeskommunen skal også behandla saka og i tillegg ta stilling til garanti for låneopptak. Etter behandling i kommunane (inklusive fylkeskommunen), vert saka sendt vidare til Vegdirektoratet der prosjektet mellom anna skal kvalitetssikrast eksternt (KS2). Det vert fremja ein stortingsproposisjon om finansiering og gjennomføring av prosjektet. Etter stortingsvedtak vert det utforma avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet.

Fullmakt i sak om eigedomsgrenser
Formannskapet gjekk elles inn for å gje rådmannen myndigheit til å førebu og bringa ei sak om omtvista grense mellom eigedomar på Møvika inn for domstolen. I innstillinga heiter det vidare at kommuneadvokaten får prosessfullmakt til å føra saka i domstolane.

Orientering
Før behandlinga av sakene tok til, var det orientering ved Lemminkäinen asfaltverk. Leiinga i selskapet er usikker på framtidig drift i Knarrvika som følgje av realisering av nytt sotrasamband. Lemminkäinen er interessert i å få signal frå kommunen om det er grunnlag for selskapet å arbeida vidare med alternativ lokalisering av verksemda på Søre Straume.

 


Publisert: 08.02.2017 18:57
Sist endret: 08.02.2017 19:04