Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår for plan for Geitvika friluftsområde

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for at detaljreguleringsplanen for Geitvika friluftsområde vert godkjend. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret.


Bilete frå Geitvika. Foto: Dig Plan AS


Formålet med planen er å opparbeida eit friluftsområde med badevik for allmenta. I tillegg er det i planen lagt inn eit kontorbygg som også vil fungera som eit servicebygg for badevika med toalett og parkering.

Etter at planen låg ute til offentleg ettersyn, kom det inn motsegn frå Fylkesmannen og Norges vassdrags- og energiverk (NVE). Fylkesmannen meinte at eit kontorbygg i området, var i strid med kommunedelplanen for Straume. Etter fleire møte har Fylkesmannen akseptert at kontorbygget vert ein del av planen dersom høgda på bygget vert seinka med ein etasje. NVE grunngav si motsegn med at potensiell skredfare i området ikkje var tilstrekkeleg utgreidd.

Etter kartlegging av skredfaren, har motsegna frå NVE falle bort. På bakgrunn av at motsegnene til Fylkesmannen og NVE er avklart/trekt, kan kommunen eigengodkjenna planen.

Plan for Angeltveitvegen

KPU rår til at plan for Angeltveitvegen vert godkjend. Planområdet er på 20 dekar og legg til rette for bygging av totalt 50 bustadeiningar. Einingane er i form av einebustader og konsentrerte bustader med infrastruktur, felles grøntareal og leikeplass. Eitt av rekkjefølgjekrava er føreslått teke ut av planen. Kravet KPU går inn for å ta ut er: «Før det kan gjevast bruksløyve til tiltak innanfor planområdet skal utviding av det smale partiet på Landrovegen Fv 211 ved brua over elva på Angeltveit vera utført eller sikra utført.»

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Andre saker i KPU den 17. januar

  • Detaljreguleringsplan for Nordre Helleren, Solsvika
    Komitéen vedtok å leggja framlegget til plan ut til offentleg ettersyn. Formålet med planen er å leggja til rette for bygging av fire einebustader og eín tomannsbustad.

  • Mindre endring av reguleringsplan for (Straume, Ebbesvik).
    KPU innstiller på ei endring om å reguleringa køyrevegen KV» (Trollhaugmyra) frå felles/privat veg til offentleg veg. Det same gjeld fortauet og veggrunn langs vegen. Saka går til kommunestyret.

  • Organisering av arbeidet med kommunedelplan for Nordre Litlesotra
    Helena Morland Hansen (H) vart vald til saksordførar for planen.

  • Førespurnad om reguleringsplan, Skålvika
    Komitéen slutta seg til tilrådinga frå rådmannen om ikkje å gje løyve til å starta reguleringsplanarbeid for åtte nye bustader. Dette vert grunngjeve med at bustadbehovet i området og kommunen elles er dekt og at bygginga vil føra til store terrenginngrep i eit område med karakteristiske landskapstrekk.

  • Krav om dekking av sakskostnader
    Det vart vedteke å gje dekking av sakskostnader i samband med klagesak (Knappskog)

Komitéen behandla 10 klagesaker. Tre av dei vart utsette for synfaring, medan eí sak vart utsett for komplettering.


Tekst: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 19.01.2017 09:18
Sist endret: 19.01.2017 09:23