Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår Knappskogplan med endringar

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for Knappskog gamle skule. I innstillinga til kommunestyret vart det likevel lagt inn nokre endringar.

Skisse
Planforslaget sett frå sjøen frå aust med framtidig bygg. Skisse: Multiconsult.

Endringane innebér at heishus skal plasserast med omsyn til sikt for eksisterande bustad bak og at skjerming av takterrasse skal oppførast i glas.

Formålet er å leggja til rette for 30 bustadeiningar med leilegheitsbygg med parkering og uteareal på den gamle skuletomta på Knappskog.

Planarbeidet har drege ut i tid av fleire årsaker. Naboar og andre interessentar har reagert på at bygga med sine fire og fem etasjar står fram som eit ruvande og lite landskapstilpassa framandelement i området. På bakgrunn av merknadene er det tilrådd å redusera byggjehøgda for delar av bustadkomplekset frå kote 24 til 21.

KPU utsette saka i møtet i april og vedtok å gjennomføra synfaring før saka vert sluttbehandla. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Førespurnader om regulering

Vacuri AS har kome med førespurnad om å få starta opp med områderegulering for Vindenes. Formålet er ei større bustadbygging på Vindenes som legg til grunn endring av overordna plan. Rådmannen gjekk imot å gje løyve til start av områderegulering for området. Komitéen vedtok å senda saka tilbake til administrasjonen for komplettering.

Det er også kome førespurnad om å få starta arbeid med detaljplan for varehandel til plasskrevjande vare- og detaljhandel i Straume Næringspark. KPU sa ja til at det kan startast arbeid med detaljplan. Døme på varehandel i området er verksemder som Jula, Biltema, Plantasjen, Bauhaus og Ikea.

Interkommunal kommuneplan

KPU vedtok å leggja planprogrammet for interkommunale kommunedelplan for Skogsskiftet, til offentleg høyring. På same måte som planutvalet i Sund, vedtok komitéen å leggja inn eit tilleggspunkt i høyringsdokumentet. Tillegget er slik: Tilrettelegging av idretts- og kulturfasilitetar skal verte vurdert i planen.

KPU behandla fem klagesaker. Ei av klagesakene vart utsett, og ei vart trekt frå sakskartet.

Ved starten av møtet var det orienteringar om flystøy, plansmia Ågotnes, kloakksak på Misje, planar for fv 555 Kolltveit-Austefjorden og parkering ved Knappskog gamle skule.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Publisert: 07.06.2017 11:00
Sist endret: 07.06.2017 11:03