Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår plan for Heimtun på Straume

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på møtet tysdag kveld inn for at detaljreguleringsplan for Heimtun på Straume vert godkjend. Planen går til endeleg behandling i kommunestyret.

SkisseSkisse ARD arealplan

Planen omfattar utbygging av inntil 73 bustader i blokker og eventuelt rekkjehus. Kommunestyret vedtok å utsetja saka i september i fjor for å få ytterlegare drøfting av seks vedtakspunkt. Dette gjaldt mellom anna vurdering av heilskapleg utvikling i området, uteopphaldsareal knytt opp mot krav i overordna plan og rekkjefølgjekrav. I planforslaget er det sett krav om etablering av rundkøyring mellom Arefjordsvegen, Bildøyvegen og Sartorvegen og fortau og sykkelfelt i Arefjordsvegen.

Plan for Maimyra, Brattholmen

Komitéen vedtok at framlegg til detaljregulering for Maimyra, Brattholmen, vert lagt ut til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 29 dekar, og formålet er å leggja til rette for totalt 72 bustader i form av rekkjehus, husværebygg med vegar, gangvegar, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal. Det er sett rekkjefølgjekrav til opparbeiding av krysset ved innkøyringa til planområdet frå fylkesveg 233 og opparbeiding av leike- og uteopphaldsareal. Komitéen la også inn rekkjefølgjekrav om overvassleidning til sjø.

Rår frå start med plan for detaljvarehande på Knarrvika

Med seks mot tre røyster (Sotralista, Frp og Senterpartiet) sa komitéen nei til at det vert starta opp arbeid med reguleringsplan for detaljvarehandel, kontor og industri ved Mustadvatnet, Knarrvika. Komitéen støttar dermed innstillinga frå rådmannen. I saksutgreiinga viser rådmannen til at eit slikt tiltak er i strid med gjeldande plan for området («Områderegulering for riksveg 555 Sotrasambandet») der det står at det «ikkje er tillate med detaljhandel».

KPU behandla 11 klagesaker.


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 05.02.2019