Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår plan for kulturminne og kulturmiljø

Komité for drift og forvaltning tilrår at kommunestyret godkjenner temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022. I planen er det lista opp 67 prioriterte kulturminne og kulturmiljø og ein tiltaksplan på 17 punkt. KDF tilrår planen med nokre mindre endringar.

Slik kan øydegardsområdet ved Høybøen på Vindenes ha sett ut i mellomalderen. Illustrasjon: Arkikon
Slik kan øydegardsområdet ved Høybøen på Vindenes ha sett ut i mellomalderen. Illustrasjon: Arkikon

Utarbeidinga av planen har eit særleg fokus på den økonomiske gjennomføringsevna til kommunen. Det vert med få unnatak ikkje tilført friske midlar til tiltaka, og såleis er dei fleste tiltaka tenkt gjennomført innanfor budsjett (drift, investering og prosjekt). I saka om kulturvernmidlar (sjå nedanfor) vart det vedteke å setja 47 tusen kroner til tiltak som er oppført i kulturminneplanen. Rådmannen skriv i utgreiinga at han håpar at denne planen skapar meir føreseielege forhold når det gjeld forvaltninga av kulturminne.

Berit Vik hjå Kultursjefen orienterte om planen.
Berit Vik hjå Kultursjefen orienterte om planen.

På dei tre øvste plassane på tiltaksplanen står vurdering av tilstanden til Krotastova (Li), tilrettelegging på Høybøen (Vindenes) og kulturhistorisk analyse og moglegheitsstudie for Fjell gard.

Løyver 100 tusen kroner til kulturvern

Komitéen vedtok å løyva 100 tusen kroner i kulturvernmidlar til fem tiltak/område. Det vart løyvd midlar til Stiftinga Knarrevikløa (35 tusen kroner), Fjell Kulturminnelag (fem tusen kroner), Fjell Kystlag (fem tusen kroner), Øygardsbåtane AS (åtte tusen kroner) og tiltak som er oppførte i kulturminneplanen (47 tusen kroner).

Framleis underskot på drifta

KDF tok økonomirapport pr. 2. tertial til orientering. Rapporten er sluttført pr. 20. august, og dermed er han delvis basert på estimat. Resultatet viser eit meirforbruk på om lag 18 millionar kroner. Dette er om lag det same som etter første tertial, og rådmannen skriv at kostnadsveksten no truleg har stoppa opp. Han peikar likevel på at det er knytt uvisse til resultatet for dei fire siste månadene i avviklingsåret for Fjell kommune. Meirforbruket er i hovudsak knytt til løn og kjøp av varer og tenester. Komitéen slutta seg til tilrådinga frå rådmannen om å redusera skatteanslaget med sju millionar kroner og auka rammetilskotet med eit tilsvarande beløp. Økonomirapporten skal vidare til behandling i kommunestyret.

Rusutfordringar blant ungdom

Komitéen følgde innstillinga frå rådmannen og tok sak om ungdom og rus og til orientering. Komitéen vedtok også å be om at administrasjonen fremjar denne saka med høg prioritet inn i arbeidet med handlingsplanen 2020.

Bakgrunnen for saka om rusutfordringar er varsling frå politiet om aukande rusutfordringar blant ungdom i Fjell. Det er utarbeidd ein rapport om dette; «Rusutfordringar blant ungdom i Fjell kommune». I saksutgreiinga skriv rådmannen at Fjell kommune allereie har mange tiltak som rettar seg mot målgruppa. Mange tiltak skjer på skulen. Dette er breie og universelle tiltak som skal hindra at elevane utviklar vanskar. Det finst også ei rekkje andre tiltak utanfor skulen. Arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten understrekar at sjølv om kommunen har mange tiltak, så er desse for fragmenterte og for lite systematiserte og at dei dermed ikkje verkar målretta saman.

Rådmannen tilrår at arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten, framleis møtest jamleg for å utveksla erfaring og kunnskap. I rapporten vert det føreslått å oppretta eit tverrfagleg ungdomsteam. Rådmannen meiner at det ikkje er formålstenleg å oppretta eit slikt team.

- Etableringa av ei slik viktig teneste må arbeidast grundig med og bør inngå som tenesteutvikling i den nye storkommunen, skriv rådmann i saksutgreiinga.

Tilstandsrapport for grunnskulen i Fjell, skuleåret 2018/2019

KDF tok tilstandsrapport for grunnskulen (2018/2019) til orientering. I rapporten vert det konkludert med at dei faglege resultata syner ein positiv framgang, særleg med tanke på samla grunnskulepoengsum, der Fjell har den høgaste poengsummen nokon gong og betre enn landsnivået. I standpunkt- og eksamenskarakterar er nivået i fleire fag stigande. Det er likevel ei utfordring at nasjonale prøvar og kartleggingsprøver syner at det er lågare nivå enn landet elles. Sjølv om utviklinga samla sett er positiv, har skulane individuelt noko varierande resultat.

Når det gjeld mobbing ser ein av resultat frå elevundersøkinga at talet på elevar som opplever mobbing er lågare enn landet elles. Dette gjeld både digital mobbing, mobbing blant elevar og mobbing frå vaksne. Trygg i Fjell har vore ein pilar på dette området, og omfamnar ikkje berre skule, men også barnehage, idrettsmiljø, heimane, føresette og foreldre i tillegg til andre instansar. I tillegg har antimobbeprogram og trivslesprogram vorte medspelarar i arbeidet mot mobbing

Vurdering av skulevegar

Komitéen slutta seg til rådmannen sine framlegg om vurdering av kva som skal reknast som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg og dermed får rett til gratis skuleskyss utan å ta omsyn til lengda på strekninga mellom heimen og skulen.

Konsekvensane vert slik for dei tre sakene som var til behandling:

Elevar på Skålevik skule busett langs strekninga Skålevik gravplass langs Vestsidevegen (fylkesveg 210), forbi Kuanesvegen til Skålevik skule:
• Elevar på 1. - 4. trinn får fri skyss til og frå undervisningstida – heile året.
• Elevar på 5. - 7. trinn får fri skyss til undervisningstida – heile året og tur/ retur i perioden etter haustferien fram til vinterferien, (vinterskyss).

Elevar som bur i Bankesteinsvegen, og andre adresser i same området som må via fylkesveg 555 til/frå Ulveset skule:
• Elevar frå 1. - 4. trinn, får busskort til undervisningstid – og drosje i retur etter undervisning - heile året.
• Elevar frå 5. - 7. trinn får busskort tur/retur undervisningstid - heile året.

Elevar frå 1. - 4. trinn som i retur frå Bjorøy skule må kryssa fylkesveg 207 for å koma til heimen i Nilsvikhaugane, får fri skyss etter undervisningstid med drosje, (elevane får allereie buss til undervisningstid heile året). Elevar frå 5. – 7. trinn får ikkje fri skyss med drosje i retur frå skulen (elevane får allereie fri skyss med buss i vinterhalvåret).

Parkeringsforhold

Komitéen tilrår å ta erfaringsgrunnlaget/evalueringa av nytt parkeringstiltak ved Straume helsesenter, Straume terapisenter og Øygarden lokalmedisinske senter (LMS), til orientering. Parkeringsløysinga, med leige av fire elektroniske tavler til fem tusen kroner pr. månad er finansiert gjennom investeringsbudsjettet til Servicetorgsjefen og fungerer fram til eventuell ny parkeringsløysing vert vedteken av nytt kommunestyre.
Det vert vidare tilrådd å godkjenna at nytt parkeringstiltak også vert innført ved Fjell rådhus. Parkeringsløysinga, med leige av ei elektronisk tavle til 1 700 kroner inkl. meirverdiavgift pr. månad, vert finansiert gjennom investeringsbudsjettet til servicetorgsjefen og vil fungera fram til eventuell ny parkeringsløysing vert vedteken av nytt kommunestyre. Saka går til sluttbehandling i kommunestyret.

Digitale læremiddel

KDF slutta seg til oppmodinga frå LNK om at Kunnskapsdepartementet må syta for at læremiddelprodusentane følgjer lova og såleis sikrar rettane til nynorskelevane.

Skjenkeløyve

Komitéen tilrår at Bergen Gokartsenter AS får innvilga vanleg skjenkeløyve. Løyvet gjeld i eigne møtelokale for lukka selskap skilt frå gokartbanen. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Skal revidera reglement for utlån av kultursalen

Under posten ymse tok Hege Misje (SL) opp spørsmålet om prisen for leige av kultursalen i Fjell rådhus. Konkret gjaldt det Fredagsdansen som betalar vel 3 800 kroner for kvar kveld dei leiger kultursalen. Etter drøfting i komitéen vart det semje om å be administrasjonen å koma tilbake med sak i neste møte med forslag til revidering av reglementet for utlån av kultursalen.

Kjetil Hansen (uavhengig) tok under ymseposten opp nokre spørsmål knytt til rehabilieringa av Foldnes skule. Det handla mellom anna om universell utforming. Prosjektleiar Jostein Sangolt Foldnes opplyste at han skulle følgja opp merknadene frå Hansen.


Tekst og foto: Vigleik Berkke

 


Sist endret: 27.08.2019