Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår plan for Landrovegen, Polleidet

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for å godkjenna detaljreguleringsplan for bygging av maksimalt 70 bustadeiningar på Polleidet. Det er no føreslått å leggja inn ekstra rekkjefølgjekrav om utbetring av ein del av Landrovegen. KPU behandla saka i går.

Skisse: Og Arkitekter AS
Skisse: Og Arkitekter AS

Saka vart først behandla av KPU den 7. november, men vart sendt tilbake til administrasjonen for å få innarbeidd eit ekstra rekkjefølgjekrav. Kravet innebér utbetring av Landrovegen (fv 211) mellom avkøyringa til bustadområdet (planområdet) til krysset Landrovegen/Vestsidevegen.

I tillegg til oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar legg planen til rette for fire leikeplassar, grøntareal og parkering. Det er også planlagt offentleg turveg og gangbru for kryssing av Angeltveitvassdraget. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Vil leggja plan for Trettevika ut på høyring

Komitéen vedtok med seks mot tre røyster å leggja detaljregulering for Trettevik, Bjorøyna, ut til offentleg ettersyn. Formålet med planarbeidet å leggja til rette for bustader i eit område som i dag er samansett av fem bustader. Området er sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål (LNF) og bruk og vern av sjø i vassdrag og sjø. Området kjem også innanfor gul flystøysone og funksjonell strandsone. Mindretalet røysta for innstillinga frå rådmannen om å seia nei til å leggja planen på høyring.

Andre saker i KPU

  • Mindre endring av detaljreguleringsplan, Langøyna
    Komitéen godkjente ei mindre endring av planen.

  • Komitéen behandla fire klagesaker.

 

 


Publisert: 06.12.2017 10:46
Sist endret: 06.12.2017 13:20