Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår plan for Mabbursvegen

Rådmannen går inn for at kommunestyret godkjenner detaljregulerngsplan for Mabbursvegen, Anglavika. Planen legg til rette for å byggja fem nye bustader med totalt seks brukseiningar. Komité for plan og utvikling skal behandla saka den 6. desember.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Foto over planområdet (ARD arealplan)
Foto over planområdet (ARD arealplan)

Det har kome inn sju merknader til planen i høyringsperioden, fem av dei frå offentlege instansar. Fylkeskommunen meiner busstilbodet er avgrensa i området og er kritisk til korleis planen støttar opp under mindre bilbruk og god utvikling av senterområda i kommunen.

Rådmannen viser til at busstilbodet med 30 avgangar dagleg er svært godt og at det på overordna nivå i kommunen vert arbeidd med trafikksikringar på strekninga langs fylkesveg 209.

Komitéen skal behandla fire klagesaker.

Før behandlinga av sakene, vert det orientert om kommunedelplan for den nordre delen av Litlesotra og kommunedelplan for Skogsskiftet (Sund).

Møtet vert halde i kultursalen i Fjell rådhus og tek til kokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Publisert: 01.12.2016 09:05
Sist endret: 01.12.2016 09:10