Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår planar for Grønamyrvegen (Straume) og Valderhaugane (Ågotnes)

Komité for plan og utvikling (KPU) går inn for at kommunestyret godkjenner detaljreguleringsplan for Grønamyrvegen på Straume og Valderhaugane på Ågotnes.

Skisse Grønamyrvegen
Skisse Grønamyrvegen

Planen for Grønamyrvegen (S-C-I) omfattar eit 25 dekar stort område sentralt på Straume, aust for Grønamyrvegen. Intensjonen med planforslaget er å skapa eit attraktivt område med blanda funksjonar. Det skal vera eit viktig bidrag til vidareutvikling av regionsenteret Straume. Det er vert lagt til rette for konsentrert bustadbygging i form av blokker, næringsareal og det offentlege torget Grønaplassen.

Det er sett rekkjefølgjekrav til opparbeiding av det offentlege torget (Grønaplassen) og gangsti vidare opp til Varden. Saka vert altså endeleg avgjort av kommunestyret.

Valderhaugane, Ågotnes

Komitéen tilrår overfor kommunestyret at plan for Valderhaugane, Ågotnes, vert godkjend. Planen legg til rette for oppføring av barnehage og 177 bustadeiningar i einebustader, tomannsbustader, rekkjehus og blokker i tillegg til infrastruktur som leikeplassar, grøntareal og gangvegar.

Planen var til sluttbehandling i KPU i juni 2018. Saka vart sendt tilbake til administrasjonen for komplettering. Rådmannen har vurdert moglege anleggsbidrag knytt til infrastruktur. Han rår til at det vert lagt inn eit rekkjefølgjekrav knytt til opparbeiding av fylkesveg 211 frå avkøyrsle til detaljregulering for Landrovegen til brua ved Polleidet. Det er også gjort ein del mindre endringar i føresegnene. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Gjev dispensasjon for oppføring av glasvegger

Det vart samrøystes vedteke å ta ei klage på avslag om dispensasjon for oppføring av glasvegger med sluseinngang på begge endane på gågata mellom Grønaplassen og Festplassen til følgje. Plan- og utbyggingssjefen gav avslag på dispensasjonen i mars 2018. Avslaget vart mellom anna grunngjeve med at den overordna intensjonen til planen om byrom og ope utandørs samband mellom desse, vil verta sett vesentleg til side ved dispensasjon.

KPU har i vedtaket på møtet i dag lagt til grunn fleire vilkår. Tiltaket skal utarbeidast på ein slik måte at allmenningen skal vera open heile døgeret for ålmenta gjennom ein open portal eller open løysing med eigna lyssetting. Det er også lagt som vilkår at tiltaket skal gjennomførast med ei teknisk løysing som hindrar vindtunneleffekt. Det heiter også at tiltaket skal vurderast på nytt når Straume sentrum er ferdigstilt og ein ser effekten av bygningsmassen som er planlagt ved tiltaket.
I dei to andre klagesaker følgde komitéen tilrådinga frå rådmannen om ikkje å ta klagene til følgje.


Tekst: Vigleik Brekke

Skisse: ARD arealplan

 

 

 

 


Sist endret: 05.03.2019