Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilrår utvida mandat for tilsetjing av prosjektleiar

Formannskapet går inn for at førebuande fellesnemnd får utvida mandatet til å tilsetja prosjektleiar for kommunesamanslåinga.

Frå formannskapsmøtet i går.
Frå formannskapsmøtet i går.


Det er laga ei felles sak som skal behandlast i dei tre kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Konkret vert det føreslått at førebuande fellesnemnd (FF) får ansvar for prosessen fram mot tilsetjing og myndigheit til å gjennomføra sjølve tilsetjinga.

Formannskapet går vidare inn for ei løysing der stillinga vert utlyst som prosjektleiar med høve til å søkja stillinga som rådmann i den nye kommunen. I saka ligg det også framlegg til kvalifikasjonar for prosjektleiaren. I ein protokolltilførsel presiserer formannskapet at ein tilsett prosjektleiar ikkje har nokon fortrinnsrett til ei stilling som rådmann i den nye kommunen.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Serviceerklæring for Plan og utbyggingssjefen

Formannskapet gjekk inn for å godkjenna framlegg til serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen med nokre endringar. Det vert mellom anna innstilt på at det vert utarbeidd ein rutine for behandling av avvik på serviceerklæringa og at det vert lagt fram ei sak over talet på saker og behandlingstid. Formannskapet går vidare inn for å utgreia om det kan utviklast eit servicekontor som kan behandla enkle byggjesaker «over disk» på ein time, etter modell av Oslo kommune.

Serviceerklæringa skildrar omfanget av og innhaldet i tenestene, formålet med tenestene, servicenivå, standard, fristar og vilkår for bruk. Målet er å gje eit oversyn over kva som vert forventa av tenestene og kva forventningar som vert stilt til både brukarar av tenestene og verksemda. Saka går vidare til kommunestyret.

Reglement for folkevalde

Formannskapet går inn for å godkjenna endring i reglementet for folkevalde sine arbeidsvilkår (punkt III) med nokre mindre endringar. Saka går til kommunestyret for endeleg avgjerd.


Før behandlinga av sakene, var det orientering om kartlegging og verdisetting av friluftsområde i Fjell og idé om nytt kunnskapskvartal (vidaregåande skule) på Bildetangen v/ Jan Arthur Nilssen og Roy-Eddy Lie i Liegruppen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 18.01.2017 21:05
Sist endret: 18.01.2017 21:09