Facebook ikon Twitter logo Print side

Tilskot til omsorg, rusomsorg, integrering og barnehage

Helsedirektoratet har gjeve 1,25 millionar kroner til demensomsorg, og Arbeids- og velferdsdirektoratet har løyvd 960 tusen kroner til integrering av kvinner. Fjell kommune får også 2,75 millionar kroner til arbeid mot rusbruk.


Arkivfoto: Internasjonal kvinnegruppe serverte "internasjonal mat" til kommunestyret i januar 2016.

Kommunen har fått 850 tusen kroner til dagtilbod for personar med demens og 400 tusen kroner til utvikling av modell for heilskapleg støtte og avlastande tiltak til pårørande med demens. I vurderinga vår har direktoratet mellom anna lagt vekt på tildelingskriterium, budsjettet for søknaden, forventa måloppnåing og framdriftsplan.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjeve 960 tusen kroner til prosjektet «IKS Kantine-Intro» i regi av Internasjonale Kvinneforening Sotra for 2019. Dette prosjektet har gjeve arbeid til kvinner på kantina på Fjell rådhus. 

- Dette er eit glitrande inkluderingsprosjekt, seier rådmann Steinar Nesse som minner om at foreininga er starta opp av Torill Aglen og har meir enn 90 medlemer.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har for 2019 gjeve eín million kroner i tilskot til "Jobbsjansen. Dette inkluderer 20 tusen kroner til å delta på eventuelle nasjonale og regionale nettverkssamlingar med prosjektkommunane.

Fylkesmannen har løyvd 2,75 millionar kroner til arbeid mot rus går til stillingar knytt til omsorgsbustad på Søre Bildøy, til ROP-gruppa, tverrfagleg ambulant team og tverrfagleg ambulant team – barn og unge.

Fjell kommune har også fått 1,03 millionar kroner til barnehage fra staten/Fylkesmannen, fordelt med 460 tusen til ny bemanningsnorm (Ulveset barnehage) og 570 tusen kroner til vasstilvenning/symjeopplæring (som i fjor).


Tekst: Vigleik Brekke

 


Sist endret: 17.04.2019