Facebook ikon Twitter logo Print side

To landskampar i Sotra Arena i november 2020

Nok ein gong vert det landskampar i handball for kvinner i Sotra Arena. I november 2020 vert Intersport Cup 2020 (tidlegare Møbelringen Cup) arrangert i bergensområdet.

Frå møbelringen Cup 2017
Frå møbelringen Cup 2017

To kampar vert spelte i Sotra Arena, medan opningskampen vert spelt i Arena Nord i Åsane.

Kampane i Sotra Arena vert spelte laurdag 28. og sundag 29. november. Billettsalet opnar 3. februar. Samarbeidspartnar i Sotra Arena er Sotra Sportsklubb.

Seksjonsleiar for spill og trening i Norges Håndballforbund, Trygve Johnsen, seier at forbundet er avhengig av ei rekkje støttespelarar som kommunen, fylket, Visit Bergen i tillegg til den lokale sportsklubben. Kampane vert vist på TV2 i Noreg og aktuelle TV-stasjonar i deltakarlanda.

- Ettersom arrangementet er siste test før EM i Noreg/Danmark, er det forventa stor merksemd frå media også denne gongen, seier Trygve Johnsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 24.09.2019