Facebook ikon Twitter logo Print side

To millionar kroner til forskingsprosjekt leia av Fjell

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd to millionar kroner til eit prosjekt om risikokommunikasjon leia av Fjell kommune. Prosjektet handlar om korleis kommunar på ein god måte skal kommunisera med innbyggjarane sine om «usynlege farer» som til dømes radongass, stråling frå høgspentleidningar og legionellaførekomstar. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med mellom anna Øygarden kommune.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Ruth Paulson
Ruth Paulson

- Utfordringa om å kommunisera risiko på ein fornuftig måte er noko vi støyter på ofte. Eg er glad for at vi kan gå i djupna i dette temaet og utarbeida gode retningslinjer for korleis vi skal kommunisera potensielle farar, seier Paulson.

Tidlegare forsking viser at det er særlege utfordringar knytte til kommunikasjon om farar ein ikkje kan sjå. Det som i utgangspunktet skal vera risikokommunikasjon får fort preg av krisekommunikasjon, som både er ressurskrevjande og ofte etterlet eit inntrykk av at farane er meir overhengande enn dei faktisk er. Totalt løyver Regionalt forskingsfond Vestlandet 36,6 millionar kroner til ny forsking i landsdelen.

- Å nå fram med sakleg informasjon samtidig som ein vil unngå å skape unødig uro, er ein vanskeleg balansegang. Dei fleste kommunane har planar for krisekommunikasjon, men manglar gode verktøy for risikokommunikasjon. Det håpar vi at dette forskingsprosjektet kan bidra med, seier fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet, Solveig Ege Tengesdal.

Forskingsrådet valde å ha berre ei utlysing av hovudprosjektmidlar i år.

- Då er det gledeleg å sjå at responsen har vore så god. 51 søknader frå bedrifter og kommunar er meir enn i noka tidligare utlysing, og mange søknader hadde svært god kvalitet, seier Tengesdal.

Fjell kommune skal gjennomføra prosjektet i samarbeid med fleire andre kommunar i regionen (Stavanger, Øygarden og Lindås), IRIS AS, Universitetet i Stavanger, Statens strålevern og svenske Miljömedisin MM Konsult AB.

Les meir på nettsida til Regionalt forskingsfond Vestlandet her.

Her kan du lesa prosjektskildringa.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

 


Publisert: 01.06.2017 17:31
Sist endret: 01.06.2017 17:43