Facebook ikon Twitter logo Print side

To skular rundar av

Torsdag 21. juni må seiast å vera ein spesiell dato for Tellnes og Misje skular. Dette var nemleg siste dagen det var undervisning på desse to skulane.

PÅ Misje var det stor avslutningsfest den 13. juni
På Misje var det stor avslutningsfest den 13. juni for foreldre, elevar og tilsette.

Tellnes-elevane skal frå hausten av gå på Skogsvåg skule i Sund, medan elevane på Misje skal gå på Landro skule. Vedtaket om å leggja ned Tellnes skule vart gjort i mai i år, medan vedtaket om å leggja ned Misje skule vart gjort i juni 2013.

- Velkomen til familieselskap, sa rektor på Tellnes skule, Lisbeth Hjelle då ho ønskte staben velkomen til avslutningsmarkering i dag med snittar og kaker.

På veg ut av skulebygget på Tellnes var det fleire elevar som lot tårene trilla i dag. Dette var nok eit uttrykk for at dei har vore glade i lærarane og skulen. Då var det godt å kunna gje rektor ein god klem på veg ut porten. Samstundes veit elevane at dei vert tekne godt imot på Skogsvåg skule i Sund frå neste skuleår. Elevane har allereie hatt samlingar saman med Skogsåg-elevane og har funne tonen.

Skulesjef Wilhelm Anglevik overrekte blomar til rektor Lisbeth Hjelle.
Skulesjef Wilhelm Anglevik overrekte blomar til rektor Lisbeth Hjelle.

På tysdag denne veka var det stor markering for foreldre og elevar. Rektoren rosa staben for det gode samarbeidet gjennom dei åra ho har vore rektor.

- De har gjort ein god jobb med å trygga elevane. Det var ein del triste elevar i dag, og det var sterkt å sjå dei gå på bussen då dei skulle heim. Det har vore unikt å arbeida med dykk og oppleva at de er her for kvarandre. Vi har hatt eit godt samhald og fellesskap her, sa rektoren.

Og det mangla ikkje på godord frå medarbeidarane hennar.

- Døra inn til deg på rektorkontoret har alltid vore open for elevane, foreldra og dei tilsette. Du har vore ein fantastisk leiar som spreier ein unik varme rundt deg som rektor, var nokre av godorda rektoren fekk på markeringa i dag.

Frå hausten av vert Lisbeth Hjelle avdelingsleiar på Landro skule. Fire av dei tilsette på Tellnes skal frå hausten ha arbeidsplassen sin på Skogsvåg skule, andre medarbeidarar skal undervisa på andre skular i Fjell eller avslutta lærarkarrieren.

Skulesjef Wilhelm Anglevik overrekte roser til staben og blomar til rektor. Han takka rektor og staben for ein flott jobb og ønskte alle lukke til vidare.

Det var godt å få gje ein klem til rektor.
Det var godt å få gje ein klem til rektor.

Stor avslutningsfest på Misje

Også på Misje var medarbeidarar frå Skulesjefen på Misje for å markera den siste undervisningsdagen på skulen. I sist veke var det stor avslutningsfest for bygda, og over 200 personar møtte opp. Dette viser at både elevar, tilsette og bygda er glade i skulen sin.

Det var gjevt å få dansa saman med Absence Crew.
Det var gjevt å få dansa saman med Absence Crew.

- Det var eit fantastisk oppmøte på avslutningsfesten. Det var ei kjensleladd, men fin avslutning, seier ein av initiativtakarane, Hanne Misje Lokøy.

Fleire av dei tidlegare rektorane på Misje var også til stades på avslutningsmarkeringa. Det var underhaldning ved Absence Crew, gruppa Chicksa og skulekoret.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Hanne Misje Lokøy og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Misje

Her er fleire bilete frå markeringa på Tellnes


Publisert: 21.06.2018 20:50
Sist endret: 21.06.2018 21:06