Facebook ikon Twitter logo Print side

Topp internasjonal herrehandball i Sotra Arena

5. - 8. april vert det nok ein gong invitert til handballfest i Sotra Arena. I Gjensidige Cup 2018 møter Noreg toppnasjonane Danmark, Island og Frankrike i ei firenasjonarsturnering. Publikum vil oppleva handball i verdsklasse.

 Foto: Stephane Pillaud
Foto: Stephane Pillaud

- Vi gjentar suksessen etter Møbelringen Cup i november. Det vert fullt hus i seks kampar i Sotra Arena. Allereie no er det selt sju-åtte tusen billettar. Møbelringen Cup var stort, dette vert minst like stort, seier dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen som ønskjer verdas beste handballspelarar velkomen til Sotra Arena. Les meir på Handball.no

No til helga er det klart for EM i Kroatia. Noreg imponerte med sølv i VM i Frankrike i januar 2017, og forventningane framfor ein meisterskap har neppe vore større enn tilfellet er i år. Alt ligg til rette for at det er toppnasjonane i EM som på nytt møter kvarandre i seks handballandskampar i Sotra Arena i april.

Det er TV2 som har rettane til å visa kampane på TV. Men det vert mykje anna TV-folk å sjå i Sotra Arena desse dagane.

- I tillegg til TV2, stiller både Island, Danmark og Frankrike med eigne TV-team for dekkja dette store arrangementet som gjerne vert kalla Champions League for handballgutane, seier Dan Christensen.

Handballprofilar

Med deltakarar frå toppnasjonar som Danmark, Island og Frankrike vert det fleire internasjonale idrettsprofilar å sjå på Sotra i april. Ein av dei mest kjende er den danske spelaren Mikkel Hansen som vart kåra til verdas beste herrespelar i 2011 av det internasjonale handballforbundet. Han kan mellom anna visa til EM-gull med Danmark i 2012.

På same måte som under Møbelringen Cup, vert det mange dugnadstimar for dei som er knytt til det lokale handballmiljøet i regionen. Christensen administrerer 600 frivillige før og under turneringa.

- Firenasjonarsturneringa går av stabelen like etter påske. Det betyr at det vert tilrettelegging dagane før og i sjølve påskehelga. Men handballfolket skal visa at Sotra Arena er ein tipp topp arena for landslagskampar, seier ein optimistisk Dan Christensen.

Kampane startar torsdag 5. april kl. 18.15 der Noreg skal spela den første kampen. Det vert spela to kampar torsdag, laurdag og sundag. Noreg spelar den første kampen alle dagane. Det detaljerte kampoppsettet er ennå ikkje klart.

Frå opningskampen 27. oktober 2013. Foto: Kjell Andersland.
Frå opningskampen 27. oktober 2013. Foto: Kjell Andersland.

Unik sjanse

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy er svært glad for at Fjell og regionen får nok eit stort idrettsarrangement.

- Vi veit av erfaring at Sotra Arena er ein ideell hall for internasjonale handballkampar. Det opplevde vi under Møbelringen Cup i november. Eit slikt arrangement vert eit løft og eit utstillingsvindauge for heile regionen. Dette ser vi fram til. No har vi ein unik sjanse til å oppleva topp internasjonal idrett i Sotra Arena, seier ordføraren. Fjell kommune har ansvar for ei rekkje oppgåver knytt til at hallen fungerer slik han skal.

På same måte som under Møbelringen Cup vert det ei rekkje aktivitetar knytt til turneringa. Det vert mellom anna næringslivsseminar og ei rekkje aktivitetar for barn og unge. Både Vest Næringsråd og Sartor Storsenter vert involverte i dette.

I løpet av dei siste åra er det gjennomført ei rekkje landskampar i Sotra Arena. Det er etablert eit nært og godt samarbeid med Norges Håndballforbund, region vest.


Tekst: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 09.01.2018 15:54
Sist endret: 09.01.2018 16:00