Facebook ikon Twitter logo Print side

Toppar utlånsstatistikken

Det er svært populært å låna utstyr på BUA på Ågotnes. Ikkje minst skular og barnehagar har nytta dette tilbodet, seier dagleg leiar på FriHuset, Svein Ekrem.

Mange låner utstyr på BUA
Mange låner utstyr på BUA.

Ifølgje Ekrem er det stor interesse for å låna utstyr, og det er jamleg besøk i BUA. På landsbasis toppa Ågotnes toppa statistikken i juni med 631 utlånte einingar. I mai hamna BUA på Ågotnes på andreplass. Sjølv om FriHuset og BUA offisielt vart opna tidleg i juni, har det vore tilbod i det gamle helsehuset sidan april.

- Mange skular og barnehagar har lånt utstyr. Etter at elevane har fått ferie, er det mest barnehagar som nyttar tilbodet i juli. Men også mange andre låner ustyr. No i sommar er det naturleg nok kanoar, kajakkar, telt, soveposar og turutstyr som er mest populært, seier Ekrem.

På Ågotnes er det innført ei ordning med kodelåssystem. Brukarar kan registrera seg slik at dei kan låna og levera tilbake utstyr utanom opningstidene.

Statistikken er utarbeidd av BUA,som er ei nasjonal foreining som jobbar for at barn og unge skal få høve til å prøva fleire og meir varierte aktiviteter.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 08.07.2019