Facebook ikon Twitter logo Print side

Tore Turøy fekk Kulturprisen 2016

Bakscenen på Straume var fylt til siste plass då kulturen og idretten i Fjell skulle heidrast laurdag kveld. Som eitt av dei siste innslaga på Kultur- og idrettsgallaen fekk eit forventingsfullt publikum oppleva at ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte Kulturprisen 2016 til Tore Turøy. Turøy får prisen for sin framifrå innsats å formidla kulturarven til Fjell kommune.

Tore Turøy fekk laurdag kveld Kulturprisen 2016. Frå venstre; kultursjef Lennart Fjell, dagleg leiar Fjell frivilligsentral, Stine Sanden, Tore Turøy og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Tore Turøy fekk laurdag kveld Kulturprisen 2016. Frå venstre; kultursjef Lennart Fjell, dagleg leiar Fjell frivilligsentral, Stine Sanden, Tore Turøy og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.


Tore Turøy har gjeve ut fleire bygdebøker, og opplevde stor suksess med boka «Kav stril» som han gav ut i samarbeid med Hans Lauvik.

- Han har i mange år gjort ein formidabel innsats for å formidla, bevara og skapa engasjement for strilamålet, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Mange prisar

Men det var ikkje berre kulturpris som vart delt ut i kveld. Sotra og Øygarden Turlag stakk av med to prisar; Frivilligprisen og Folkehelseprisen. Tilgjengeprisen gjekk til Sotra Arena v/ Eigedomssjefen. Idrettens heiderspris gjekk til Kristine Lundekvam, medan Idrettens heiderspris for ungdom gjekk til Aslan Bentley, Vestkantsvømmerne.

I tillegg til dette vart gode lokale idrettsprestasjonar og heider innan kulturfeltet markert ved at dei vart kalla fram på scena.

Sotra og Øygarden Turlag, fekk altså to prisar på gallaen laurdag kveld. Frivilligprisen vart mellom anna grunngjeve med turlaget sitt arbeid med vedlikehald og tilrettelegging av turstiane i regionen som vert nytta av ei breidde i lokalsamfunnet. Også i grunngjevinga for Folkehelseprisen vert det vist til den enorme dugnadsinnsatsen med å leggja tilrette for turløyper i utmarka. Les grunngjevinga for Frivilligprisen her.

Atle Nordvik i Sotra og Øygarden Turlag fekk to prisar. På biletet er han omkransa av Lennart Fjell og Marianne Sandahl Bjorøy.
Sotra og Øygarden Turlag fekk to prisar. På biletet er Atle Nordvik frå turlaget omkransa av Lennart Fjell og Marianne Sandahl Bjorøy.

Tilgjengeprisen

Tilgjengeprisen til Sotra Arena v/ Eigedomssjefen vert mellom anna grunngjeve med at på uteområdet er det lagt til rette for blinde og svaksynte med gode ledelinjer som fører fram til inngangsdøra.

- For rullestolbrukarar og rørslehemma er der gode parkeringsforhold, og eit flatt inngangsparti gjer det lett å koma inn i bygget, heiter det i grunngjevinga. Les heile grunngjevinga her.

Tilgjengeprisen 2016 gjekk til Sotra Arena v/ Eigedomssjefen her representert ved Arne Monsen. Til venstre; leiar for kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Atle Justad, og til høgre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.
Tilgjengeprisen 2016 gjekk til Sotra Arena v/ Eigedomssjefen, her representert ved Arne Monsen (i midten). Til venstre; leiar for kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Atle Justad, og til høgre; ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Kristine Lundekvam i Sotra Turn får prisen for at ho står på for klubben sin døgeret rundt. Ho har vore leiar for klubben sidan 2009 og er kjent for sitt pågangsmot og vilje til å stå på for idrettens beste. Aslan Bentley, som fekk Heidersprisen for ungdom, hadde ikkje høve til å vera til stades på utdelinga. Han fekk prisen for sine gode resultat innanfor symjesporten og å vera eit førebilete for andre. Han henta heim sju medaljar av forskjellig valør frå ungdomsmeisterskapen 2016. Les grunngjevinga for idrettsprisane her.

Kristine Lundekvam (til venstre) fekk Idrettens ærepris. Prisen vart overrekt ved leiar i Fjell idretsråd, Anita Heggholmen.
Kristine Lundekvam i Sotrta Turn & IL (til venstre) fekk Idrettens ærepris. Prisen vart overrekt ved leiar i Fjell idrettsråd, Anita Heggholmen.

På kultur- og idrettsgallaen laurdag kveld var det underhaldning ved Sotra Storband, Sotra Turn & IL, Julie Langum, Ida Marie Steiger Bakscenene, Ramasjang, Algrøy Bygdakor, og Jonas Blomberg m/ band. Martin Engelsen framførte den lokale Sykkel-VM-sangen. Jonas Blomberg var konferansiér for kvelden.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Kultur- og idrettsgallaen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Publisert: 11.02.2017 22:12
Sist endret: 11.02.2017 22:47