Facebook ikon Twitter logo Print side

Trafikken over Sotrabrua aukar

For første gong har gjennomsnittleg månadsdøgntrafikk over Sotrabrua passert 30 tusen køyretøy (pr. døger). I juni 2016 var den gjennomsnittlege trafikkmengda 30 309 køyretøy. Ein del av forklaringa på dei høge trafikktala i juni kan forklarast med at heile 38 577 bilar køyrte over brua den 16. juni då Sartor Storsenter hadde nyopning. Også utan den eine dagen med ekstra stor trafikk, ville månadsdøgnstrafikken passert 30 tusen i juni.




Gjennomsnittet for heile året 2016 (ÅDT) var 27 121 køyretøy pr. døger. Dette er også rekordhøgt og er ein auke på 0,8 prosent i forhold til året før. Gjennomsnittleg ÅDT over Sotrabrua har frå 2008 til 2016 stige med 7,3 prosent.

Det som kanskje overraskar mest er at for første gong utgjer tunge køyretøy ni prosent av trafikken over brua. I perioden 2008 til 2015 utgjorde denne type køyretøy åtte prosent av trafikkmengda over Sotrabrua. Trafikken med tunge køyretøy auka med om lag 14 prosent frå 2015 til 2016.

Evne til omstilling

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er litt overraska over at det var rekordhøg trafikk over Sotrabrua i 2016.

- Vi har tenkt at konjunktuturnedgangen i næringslivet ville slå ut i redusert trafikk over Sotrabrua, men no viser det seg altså at trafikken har auka. Eg ser ikkje bort frå at auka handel har kompensert noko for dei krevjande tidene for industrien. Alt i alt kan desse tala vera eit synleg teikn på at regionen er eit livskraftig samfunn som har evne til omstilling i ei utfordrande tid.

Det var altså i juni 2016 at ÅDT passerte 30 tusen for første gong. Direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, seier at i juni var det nyopning på senteret med opning av fleire nye forretningar.

- Eg ser ikkje bort frå at auka handel kan ha påverka trafikken til og frå Sotra. Vi hadde ein god julehandel både i november og desember. Mellom 30 og 40 prosent av kundane på senteret reiser over brua for å handla, seier Thomas Skålnes.

Marianne Sandahl Bjorøy minner om at det ikkje skal mykje til for at vi med ytterlegare trafikkauke kan gjenoppleva køproblema vi hadde i 2012/2013.

- Difor er det viktig å arbeida sterkt for å få fleire til å reisa kollektivt. Vi kan leggja til rette for at trafikkveksten skjer kollektivt ved at det til dømes vert lagt godt til rette for innfartsparkering, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Prosjektleiar for Sotrasambandet, Willy Sørensen, trur også at dei tiltaka som vart gjennomførte etter køproblema i 2012/2013, har gjeve positive resultat.

- Kollektivfelta mellom Breiviksskiftet og Sotrabrua, lyskryss på Valen og fleire innfartsparkeringsplassar er bidrag som eg trur har slått positivt ut for god trafikkflyten trass i trafikkauke. Folk har nok også vorte flinkare til å tilpassa arbeidstida slik at trafikken spreier seg meir utover heile døgeret, seier Willy Sørensen.

Fleire bussavgangar

Statistikken frå Statens vegvesen viser altså at talet på tunge køyretøy har auka med om lag 14 prosent frå 2015 til 2016. Tal frå Skyss viser at bussar utgjer om lag ni prosent av dei tunge køyretøya. Frå 2015 til 2016 auka talet på bussavgangar mellom Bergen og Sotra/Øygarden med fem prosent. Skyss har ikkje konkrete tal kor mange som reiser kollektivt mellom regionen vår og Bergen, men ei reisevaneundersøking viser at i 2016 var kollektivtransporten sin del av motorisert transport 11 prosent. I løpet av 2017 skal Skyss installera passasjertellingsutstyr for rutene i region vest. Dette vil gjera det lettare å få fram presise tal på kollektivreisande.

Årsdøgntrafikk, forkorta ÅDT, er i prinsippet summen av tal køyretøy som passerer eit punkt på ein vegstrekning (for begge retningar samanlagt) gjennom året, dividert på dagar i året, altså eit gjennomsnittstal for dagleg trafikkmengde.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 01.02.2017 16:26
Sist endret: 01.02.2017 16:29