Facebook ikon Twitter logo Print side

Trafikkomlegging har gjeve effekt

Statens vegvesen har utarbeidd ein rapport om verknaden av trafikkomlegginga som vart gjennomført på Litlesotra frå 16. april i år. Resultatet viser mellom anna at reisetida mellom Kolltveit og Sotrabrua er redusert med mellom 10 og 50 prosent.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Trafikkomlegging har gjeve effekt

Ut frå ei samla vurdering meiner Statens vegvesen at reguleringane som vart sette i vert i april bør vidareførast og at det ikkje er behov for å justera på reguleringane eller utføra avbøtande tiltak.

I rapporten går det fram at trafikken i Arefjord, på den kommunale vegen over Bildøyna og på påkøyringsrampen på riksveg 555 på Straume retning Bergen er redusert. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er godt nøgd med resultatet av trafikkomlegginga.

- Vi har oppnådd dei måla vi hadde med trafikkomlegginga. Det er gledeleg at reisetida frå vest er korta ned. Med mindre trafikk over Bildøyna og i Arefjord som følgje av stengt veg i morgonrushet har gjeve tryggare veg for skuleelevane og andre mjuke trafikantar, seier ordføraren.

Liten endring i kollektivbruken

På eitt punkt er ikkje ordføraren heilt nøgd. Det er nemleg registrert små endringar når det gjeld passasjertalet i bussane.

- Det er litt skuffande at vi ikkje ser større effekt på kollektivbruken. Det kan nok henda at effekten på bussbruken endrar seg når den ytre bompengeringen vert innført ut på vårparten, seier Marianne Sandahl Bjorøy. Det er etablert ei ny ekspressrute (23E) mellom Straume og Kokstad/Sandsli. Det er ikkje eksakte tal for denne ruta, men ifølgje Statens vegvesen kan denne rutetilveksten har gjeve ein auke i talet på passasjerar.
Trafikken frå Straume sentrum via den nye vegen Storskaret-Arefjord har auka etter trafikkomlegginga. Køen i Valenkrysset (Skjergardsvegen (rv 555)/Arefjordvegen) har vorte litt kortare.

Her kan du lesa rapporten frå Statens vegvesen.

Tekst: Vigleik Brekke


Sist endret: 11.01.2019