Facebook ikon Twitter logo Print side

Tranegalla i Sotra Arena

Nok ein gong kunne elevane på Tranevågen ungdomsskule avslutta semesteret med «heilmaks» underhaldning i Sotra Arena. Ja, denne gongen kan ein godt bruka uttrykket «heilmaks» når tonane og «rammeverket» stadig minna oss om gode gamle Olsenbanden.

Opptrinn

- I kveld skal det handla om film, glede og underhalding, sa ordstyrarane Aleena og Juan David då dei opna showet for elleve hundre forventningsfulle foreldre, besteforeldre, vener og dei andre i salen.

Ung-prosjektet er ein del av valfaget som alle elevane har dei tre år dei går der. Her får elevane utvikla og arbeida innanfor sine talent- og interesseområde. Gruppene er sett saman på tvers av trinna, nye vennskap spirer, og samhaldet til elevane vert styrkt. I konferanserommet i Sotra Arena hadde elevane stilt ut flotte arbeid som er laga dei siste vekene før jul.

Aleena og Juan David presenterte dei nominerte i forskjellige kategoriar der vi stadig fekk besøk av kjendisar frå filmverda. Av ein eller annan grunn fekk rektor Johnny Eide gong på gong vera med i nominasjonen med «Rektor minutt for minutt». Og då måtte det berre gå som det gjorde, Johnny gjekk til slutt av med ein knusande siger der han kunne ta imot den gjevaste prisen, Gulltranen. Han takka særleg ordførar, skulesjef og kultursjef for at dei røysta på han som ein av dei nominerte!

Frå utstillinga i konferanserommet.
Frå utstillinga i konferanserommet.

«Rektor minutt for minutt»

Avslørande videoklipp viste kva som gjekk føre seg på rektorkontoret. Med beina på bordet og middagskvile på benken fekk vi alle kunnskap om kva som føregjekk i «styrehuset» som kontoret vert kalla. Budsjettet (innstillinga frå rådmannen?) vart brutalt klipt i to.

Tid til å bla i avisa fekk også rektoren tid til.

- Kryssord ja, det kan vera noko for ein rektor som har mykje å gjera, viste eitt av klippa.

Tranegallaen presenterte song og musikk i mange variantar, dans, filmklipp med ein god porsjon humor. Ordstyrarane limte det heile saman på ein trygg og humoristisk måte. Det var gjennomgåande høg kvalitét på det som vart framført, og dermed kunne rektor nok ein gong takk for den strålande innsatsen og ønskja alle ein god jul.

Johnny Eide «gløymde» berre eín ting; å minna om at første skuledag etter nyttår er tysdag den 3. januar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå "Tranegalla":

 

 

 

 

 


Publisert: 21.12.2016 13:22
Sist endret: 20.12.2016 22:47