Facebook ikon Twitter logo Print side

Tre årstrinn på Bjorøy får mellombels undervisning på Liljevatnet

Som følgje av utbetring av Bjorøy skule, arbeider leiinga på Bjorøy skule og Liljevatnet skule med planar om mellombels flytting av 5. – 7. årstrinn neste skuleår.

Bjorøy skule
Bjorøy skule

I den vedtekne økonomiplanen for Fjell kommune er det sett av 50 millionar kroner til utbetring av Bjorøy skule. Arbeidet med utbetringa skal etter planen starta like etter skuleslutt i juni 2018 og vera sluttført før skulestart i august 2019. I samband med budsjettet for 2018 vedtok kommunestyret i desember i fjor at for skuleåret 2018/2019 vil Liljevatnet skule kunna nyttast som avlastningslokale for elevane frå Bjorøy skule medan Bjorøy skule vert rehabilitert.


Liljevatnet skule har kapasitet til å ta imot desse elevane, og leiinga på skulen arbeider no med å leggja til rette for å ta imot dei om lag 50 elevane i dei tre årstinna frå Bjorøy skule.

- Elevane får skyss med buss til og frå skulen, og det vert lagt til rette for at dette skal skje på ein smidig og god måte for elevane. Leiinga på dei to skulane samarbeider tett for at også neste skuleår skal verta eit godt, trygt og lærerikt år for elevane, seier dei to rektorane, Renathe Fagerbakke på Bjorøy skule og Dagfinn Ellingsen på Liljevatnet skule.

Leiinga på skulane samarbeider med foreldregruppa via samarbeidsutvalet og FAU og kjem tilbake med meir informasjon når detaljane for hausten ligg føre. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 02.02.2018 09:51
Sist endret: 02.02.2018 09:53