Facebook ikon Twitter logo Print side

Tre milliardar kroner til kommunalsektoren neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i frie inntekter på mellom 2,6 og 3,2 milliardar kroner i 2019. Dette utgjer ein vekst på mellom 0,7 og 0,9 prosent. I dag presenterte regjeringa framlegget til kommuneproposisjonen (kommuneopplegget) og revidert nasjonalbudsjett.

kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (til høgre). Arkivfoto.

Regjeringa meiner at dette gjev rom for vidare styrking av tenestetilbodet innanfor viktige satsingsområde som skule, helse, pleie- og omsorgstenester, rus og barnvern. Regjeringa grunngjev veksten i frie inntekter med opptrappingsplan innan rusfeltet på 200 millionar kroner og opptrappingsplan innan habilitering og rehabilitering på 100 millionar kroner. For hausten 2020 er det løyvd 200 millionar kroner utover det eksisterande tilskotet til auka lærartettleik på første til fjerde årstrinn for innføring av lærarnorma.

Regjeringa meiner at ei effektivisering i kommunesektoren på 0,5 prosent, svarar til 1,2 milliardar kroner som kan brukast til styrking av tenestene i 2019.

Men KS (fellesorganisasjon for kommunane) er ikkje nøgd med alt som kjem fram i proposisjonen. Mellom anna er KS misnøgd med at bemanningsnorma i barnehage ikkje er finansiert.

- Det er skuffande at regjeringa held fram med å opptre som bemanningsnorma er fullfinansiert etter at vi har dokumentert grundig at han ikkje er det, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, til ks.no. KS meiner at dei faktiske kostnadene med den nye bemanningsnorma må kompenserast. Ifølgje KS vil det mangla eín milliard kroner til dette i 2021. På årsbasis er ekstrakostnadene for bemanningsnorma for Fjell kommune rekna til fem-seks millionar kroner.

I proposisjonen går det også fram at regjeringa forventar at skatteinntektene til kommunane vert 450 millionar kroner lågare enn budsjettert.

Pengar frå havbruksfondet

Kommunane i vest får pengar frå det nyoppretta havbruksfondet. I 2017 fekk Fjell kommune 249 tusen kroner (Øygarden 484 tusen kroner og Sund 208 tusen kroner). Regjeringa legg opp til ei kraftig auke i utbetalinga frå fondet. Fordelinga av desse pengane skjer hausten 2018. I framlegget til revidert nasjonalbudsjett set regjeringa også av ekstra pengar til strandrydding som kommunane i vest kan dra nytte av.

Det endelege opplegget for kommunane i 2019 vert vedteke i Stortinget før ferien. Vanlegvis har forhandlingane om kommuneopplegget resultert i auka økonomiske rammer.

Les kommuneproposisjonen her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 

 

 

 

 


Publisert: 15.05.2018 15:42
Sist endret: 15.05.2018 16:06