Facebook ikon Twitter logo Print side

TREFF+: Eldremote er i vinden som aldri før

Medan snøen regnar vekk ute var det moteshow for seniorane på Sartor Storsenter torsdag føremiddag. Det var ti mannekengar som var handplukka til å visa fram vår mote for godt vaksne damer og menn.

Om det var kleda eller modellane, eller kanskje kombinasjonen av begge delar som gjorde susen, det får kvar og ein vurdera sjølv. Det var i alle fall ikkje noko å sei på applausen frå dei frammøtte.

Stilige frå topp til tå

Annette Ingebrigtsen får IniStyle og Carina Soltvedt frå Park Lane hadde gjort nøye førebuing saman med modellane på førehand og funnet to flotte antrekk til kvar modell. Alle ble styla hos frisøren Mon Ami før showet. Dei var gjennomført stilege frå topp til tå.

Tusen takk til Annette frå IniStyle og Carina frå Park Lane

TREFF+ inntok catwalken

Den eine modellen etter den andre inntok catwalken og svinga seg verdsvant rundt. Dei vinka og lot med glede tilskodarane kjenne på bode stoff og stretch. Dei tok av og på jakka, og så for dei bak ein skjerm og skifta til neste antrekk. Vi blei mektig imponerte.
Annette påpeka at for damene, så er det berre ein ting og si: «det går i blomar denne våren!». Carina frå Park Lane oppmoda «herrane til å bruka bukser som framhevar beina – då mange menn har fine bein som dei ikkje treng å gøyma bort!»

Berit Anita Larsen og Anders Mongstad

Dei rundt 40 frammøtte koste seg med kaffi frå Zupperia og søtsaker frå Meny. Dei fekk og kvar sin «goody bag» frå Mon Ami – og rabattkort på diverse butikkar. Inspirasjon fekk vi alle, også modellane storkoste seg. «Vi stiller gjerne opp igjen!»

Tekst og foto: Unni Sørensen

Fotogalleri


Publisert: 09.02.2018 07:00
Sist endret: 09.02.2018 08:30