Facebook ikon Twitter logo Print side

Treff+: Fulle rulle med julebowling for seniorane

Dei tre siste torsdagane har det vore julecup i Seniorbowling på O´Learys på Sartor Storsenter. 10 seniorar har tevla om å bli årets seniorbowlar 2018, og konkurransen var hard. Aslaug Nesse utmerka seg tidleg med ein særs stødig høgrearm, og vart den suverene vinnar.

Seniorbowling på O´Learys på Sartor StorsenterDet var mykje latter og glede blant deltakarane, og alle gav uttrykk for at det hadde vore ei stigande lærekurve. No har dei fått dreisen på både «spare» og «strike», og blitt kjend med nye folk. Ein av deltakarane uttrykte at ho var vel spent første dagen. Då kom ho aleine, og kjende ingen frå før. I løpet av dei tre torsdagane har alle vortne gode vener, og det er ikkje utenkeleg at dei vil halda fram på seniorbowlinga torsdagar. Rune Hagen frå O´Learys har storkost seg på seniorbowlinga. Han har hjelpt til med organiseringa, servert kaffi og gitt gode tips undervegs som t.d. når det gjeld vekta på bowlingkula. Han kjem til å halda fram som fast seniorinstruktør torsdagane.

Førsteplass:

  • Aslaug Nesse vann den gylne kjegle

Delt andreplass gikk til:

  • Anne Berit Nesse
  • Bjørn Heggdal
  • Arnljot Pamer

Dei andre flotte deltakarane fekk trøstepremie frå Berit Anita Larsen, leiar av styringsgruppa for Treff+, og leiar av eldrerådet: « Dette har vore storvegs. Vi seniorar er mangfaldige folk som likar å vera med på ulike aktivitetar. Difor er det viktig at vi tilbyr seniorane ei god breidde i kva ein kan vera med på».

Finalen vart avslutta med ein herlig juletallerken, og stemninga stod i taket. Samkjensle, glede og nye kjenningar. Alle deltakarane var einige om at det rett og slett hadde vore eit flott opplegg.

Bowlinga kjem til å halda fram som eit Treff+ tilbod kvar torsdag til 150,- kroner for leige av ei bane (ein kan godt vera 4-6 personer per bane).

Torsdag 20. desember er det juleavslutning for Treff+ med Seniorkameratane som spelar julemusikk i Glassgården på Sartor Storsenter kl 12-13.

Tekst: Unni Sørensen
Foto: Jøran Ingvaldsen

Bilete:


Sist endret: 14.12.2018