Facebook ikon Twitter logo Print side

Treng svar om byvekstavtale

Formannskapet i Fjell vil ha svar på fleire spørsmål knytt til byvektsavtale for bergensområdet. På møtet i dag vart det vedteke å redusera storleiken på ei referansegruppe som skal vera tett på forhandlingane om byvekstavtalen.

Frå møtet på tysdag.
Frå møtet i dag.

Gjeldande byvekstavtale vart inngått i 2017 og gjeld for perioden 2017 til 2023. Etter behandlinga av Nasjonal transportplan 2018-2029 skal det inngåast ny byvekstavtale. Samferdsledepartementet har invitert Hordaland fylkeskommune og kommunane Bergen, Askøy, Fjell, Lindås og Os til forhandling om byvekstavtale for bergensområdet.

Formannskapet slutta seg i dag til ein protokolltilførsel knytt til forhandlingane om byvekstavtale. Der vert det stilt fleire spørsmål som må svarast på dersom kommunen skal gå vidare i forhandlingane om denne avtalen. Det vert spurt om målepunktet for nullvekst i personbiltrafikken skal vera på Sotrabrua, Straume eller på Ågotnes og Skogsskiftet. I protokolltilførselen er det også spørsmål om Sotrasambandet vil vera ein del av dei restriktive tiltaka for å nå nullvekstmålet. Det vert også vist til at i intensjonsavtalen for Nye Øygarden kommune skal heile kommunen takast i bruk. Fjell kommune presiserer at det vil vera ein føresetnad at dette vert lagt til grunn i forhandlingane om byvekstavtale.

I protokolltilførselen som vert eit grunnlag for Fjell kommune i forhandlingane går det også fram at kommunen ønskjer ein regional kollektivpakke som gjer kollektivtransporten til eit reelt alternativ til eigen bil, både på veg og sjø. Kollektivaksen må utviast til Rong og at Rong må etablerast som eit kollektivknutepunkt. Det heiter også at det må etablerast innfartsparkeringar som også inkluderer sykkelparkering.

Det er tidlegare vedteke at heile formannskapet skal vera referansegruppe. Formannskapet slutta seg til forslaget frå rådmannen om å redusera storleiken på gruppa. Referansegruppa vert heretter samansett av Tom Georg Indrevik og Anita Garlid Johannessen. Også ordførarane i Sund og Øygarden vert inviterte til å vera med i gruppa. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og Lena Svalastog Garnes frå administrasjonen deltok på det første møtet om byvekstavtalen (avklaringsmøte).

Neste møte i forhandlingsutvalet er fastsett til 14. september.

Aukar ramma for startlån

Formannskapet går inn for at Fjell kommune aukar rammene for startlån med 20 millionar kroner for 2018. Saka vert avgjort i kommunestyret.

Så langt i år har Fjell kommune betalt ut 42 millionar kroner i startlån. I tillegg har kommunen løyvd 31,5 millionar kroner som er bundne opp i aktive førehandsgodkjenningar. Pr. 23. august stod det igjen 3,5 millionar kroner til utlån. De er kome inn 129 søknader om startlån, og det er fatta 43 positive vedtak. 32 av vedtaka gjeld barnefamiliar.

I saksutreiinga skriv rådmannen at endringar i finansavtalelova har ført til ein stramare privat utlånsmarknad. Av den grunn er det kome inn mange søknader om fullfinansiering ved bruk av startlån.

Auka kontingent

Formannskapet vedtok å auka kontingenten til HOG Energi for 2018 og 2019 frå 50 til 60 tusen kroner pr. år. Formannskapet tek ikkje stilling til vidareføring av medlemskapen i den re-etablerte organisasjonen Energi Vestland (tidl. HOG Energi), men overlét dette spørsmålet til Nye Øygarden kommune.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 11.09.2018 18:18
Sist endret: 11.09.2018 18:22