Facebook ikon Twitter logo Print side

Treng venefamiliar for einslege mindreårige flyktningar

Det kan vera utfordrande å vera einsleg mindreårig flyktning i Noreg. I Bergen har Raudekrossen fleire aktivitetar for denne gruppa. No vert det sett inn ressursar til eit betre tilbod også i regionen vår.

Illustrasjonsfoto

Sølvi Eltvik er engasjert som frivillig i Sund Røde Kors. Ho har arbeidd med integrering sidan ho starta Sund Røde Kors fleirkultur tidleg i 2015. Ifølgje henne er det gjort mykje godt integreringsarbeid i kommunane i regionen dei seinaste åra. Raudekrossen har hatt godt samarbeid med asylmottaka i regionen fram til dei vart lagt ned i 2017.

- Vi har framleis mykje triveleg aktivitet saman med dei som har busett seg her på Sotra. I Sund til dømes, er det både kvinnegruppe, norsktrening i samarbeid med biblioteket, matlaging, og andre aktivitetar for både vaksne og born. Vi har stor glede av dette, og ser og at det gjer mykje nyttig læring, for oss alle, seier Sølvi Eltvik.

Det er etablert eit samarbeid mellom kommunane og Hordaland Røde Kors og dei lokale laga i organisasjonen.

- No ser vi også behovet for å hjelpa dei einslege mindreårige når dei skal møta det norske samfunnet. Det er viktig at dei opplever at dei som enkeltpersonar vert integrerte og skaffar seg eit norsk nettverk. Eit av hovudmåla til Raudekrossen er å skapa fleire møteplassar mellom oss som bur her, og eit tilbod om venefamiliar vil absolutt bidra til dette, seier Eltvik.

Sølvi Eltvik
Sølvi Eltvik

Oppgåver for ein venefamilie

Marian Austrheim er fagleiar for einslege mindreårige-tiltaket i Fjell kommune (EM-tiltaket). I Fjell er det tre bufellesskap for einslege mindreårige der det bur 15 gutar i alderen 14 til 19 år frå Afghanistan og Eritrea. Ho gler seg over at Raudekrossen kan organisera eit tilbod om venefamilie i regionen (Sund, Fjell og Øygarden). Hordaland Røde Kors har sett av ressursar til dette og skal nytta ein eigen aktivitetskoordinator som vil organisera dette arbeidet.

- Kva forpliktingar og oppgåver har ein venefamilie?

- Vi ønskjer ikkje at venefamiliane skal oppleva dette som eit svært krevjande oppdrag. Dei vil forplikta seg til å invitera ein einsleg mindreårig på middag, kinotur eller ein aktivitet eín gong i månaden. Maktar dei å gjera meir ut av det, er det flott, seier Austrheim som understrekar at kvar familie vil ha ansvar for å følgja opp eín einsleg mindreårig flyktning. Les meir her.

Målet er å motarbeida utforskap og leggja til retta for at denne gruppa oppleva å høyra til ein stad, bli sett og få vener utanfor EM-fellesskapet. Både familiar, åleineforelder, eldre par, bestemor/far, sambuarpar kan vera venefamilie.

Informasjonsmøte

Onsdag den 11. april vert det invitert til informasjonsmøte om venefamilie. Er du interessert i dette, møte opp på Røde Kors Straume, Blombakkane 17.
Kontakt gjerne Janne Mortensen i Fjell Røde Kors på telefon 986 20 620 , e-post: jdhmor@gmail.com eller Sølvi Eltvik i Sund Røde Kors på telefon 911 32 196, e-post: sundrk.flerkultur@gmail.com. Les plakat her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 06.04.2018 09:07
Sist endret: 06.04.2018 15:24