Facebook ikon Twitter logo Print side

Trondheim vann innovasjonspris, heider til Fjell

Det vanka ros til både vinnaren, og dei to andre finalistane, Ulstein og Fjell, då Kommunal- og moderniseringsdepartementet på fredag i sist veke delte ut Årets innovasjonspris til Trondheim på konferansen «Fremtidens kommuner» i Arendal.

Diplom
Diplom underteikna av statsråd Monica Mæland

Juryen rosa Fjell kommune for å ta tak i utfordringane knytt til flyktningstraumen i 2015. Med prosjektet «Rett i jobb i Fjell kommune» var kommunen sjølv med på integreringsdugnaden ved å tilsetja 10 flyktningar og gje dei ein arbeidsplass utan å gå gjennom introduksjonsprogrammet.

- Dette har vist seg å gje god effekt og gjer ferske innbyggjarar både nøgde, inkluderte (???) og produktive frå første arbeidsdag, heiter det frå juryen. Les sak frå nettsida til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Stolt rådmann

Rådmann Steinar Nesse er svært stolt over at Fjell vart nominert mellom dei tre mest innovative kommunane i landet.

- Denne sola skin på alle våre tilsette. Vi har mange utviklingsprosjekt i kommunen til ei kvar tid, innan alle tenesteområde, og det er hyggjeleg at dette vert lagt merke til i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Difi. Vi må gratulera Trondheim med sigeren og også Ulstein som kom på delt andreplass med oss. Eg vonar innovasjon og utvikling også vert eit særtrekk ved den nye kommunen som er under bygging her vest, seier Steinar Nesse.

I heideren frå juryen heiter det at løysingane til Fjell er unike, spennande og løyser fleire behov. Fjell kommune satsar på brukarinvolvering og klarer å tenkja nytt for å løysa komplekse kommuneutfordringar. Juryen meiner mange kommunar har noko å læra her.

Det er utarbeidd ei metodehandbok for prosjektet.

Her kan du sjå filmen som er laga om Fjell-prosjektet.


Tekst: Vigleik Brekke




 


Sist endret: 11.06.2019