Facebook ikon Twitter logo Print side

Trygt og godt fellesskap på Hissøyna

Det er ein oppglødd lokal MOT-informatør, Vigdis Taranger, som fortel om kva dei 19 ungdomane og leiarane fekk oppleva på Hissøyna i sist veke.

I sist veke var 19 ungdomar samla på Camp Hissøyna.
I sist veke var 19 ungdomar samla på Camp Hissøyna.

- Det var eit heilt unikt godt fellesskap og stemning. Vi arbeider medvite med å inkludera alle og at ingen er åleine på Camp Hissøyna. Vi ønskjer at alle skal koma heim og seia at dei har hatt ein fin camp, seier Vigdis Taranger.


Camp Hissøyna er ein del av Sommar i vest og eit samarbeid mellom dei tre kommunane, Sund, Fjell og Øygarden. Tidlegare var det ungdom i alderen 13 til 18 år som kunne delta på campen. No er aldersstrekket redusert til 13 til 16 år. Campen samarbeider med Bergen og Omland Friluftsråd og Norges Jeger- og Fiskerforbund, Sotra og Øygarden. Dei låner ut hus, båtar og fiskeutstyr.

På leiren frå tysdag til torsdag i sist veke fekk ungdomane vera med på ei rekkje fritidsaktivitetar som havfiske, fiske frå land, dykking, klatring, bading og mykje meir.

- Vi fekk tilstrekkeleg med fisk, og Ivar Einarsen lagde nydelege fiskekaker trass i at han sjølv ikkje likar slike kaker. Vi ønskjer å læra ungdomane kystkulturen og vi fortel om livet her ute då det var fastbuande her, seier Taranger. Også varaordførar Tom Georg Indrevik og kultursjef Lennart Fjell besøkte campen ein av dagane.

Ein av ungdomane viste fram teiknekunstene sine.
Ein av ungdomane viste fram teiknekunstene sine.

Her er fleire bilete frå campen:


Publisert: 13.07.2017 09:15
Sist endret: 11.07.2017 09:29