Facebook ikon Twitter logo Print side

Stormønstring for ungdom i Fjell kulturhus

Om lag 100 deltakarar i «Ung Kultur Møtes» (UKM) var på plass i kultursalen i Fjell rådhus laurdag ettermiddag. Ungdomane frå kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden heldt det gåande fram til sein ettermiddag.

Nataniel Lilletvedt i gruppa Mic Max frå Fjell.
Nataniel Lilletvedt i gruppa Mic Max frå Fjell.

Det var ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy som ønskte deltakarane og publikum velkomen til ei feststund i kultursalen.

- Det er imponerande at i underkant av 100 ungdomar med 54 innslag deltek i dag. Det finst mange flotte ungdomar i regionen vår som viser eit stort mangfald innan kultur. På vegner av meg sjølv og mine tre ordførarkollegaer i Askøy, Sund og Øygarden kan eg seia at vi er stolte av å vera ordførarar i kommunar der nettopp dykk som skal opptre i dag. De er svært viktige ambassadørar for våre fire kommunar langs kysten, sa Sandahl Bjorøy.

UKM vert rekna som den viktigaste visningsarena for ung kultur. Dette er eit nettverk av lokale festivalar der ungdom kan delta med forskjellige kulturuttrykk. Kvar kommune sender ungdomar vidare til ei fylkesmønstring som representant for kommunen sin. Fylket sender i neste omgang om lag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. Les meir om UKM i region vår her.

I Hordaland er fylkesmønstringa tidfesta til 28. april.

- Vanlegvis gå 10 - 15 deltakarar frå kvar kommune vidare til fylkesmønstringa, seier kulturskulesjef i Fjell, Bjørn Andersen.

I løpet av eit par dagar vert det kjent kven som går vidare til fylkesmønstringa.

Her er fleire bilete frå mønstringa:

UKM-dansararDesse styrte ordet.Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy Maria Flåten, ØygardenRine Bekkelund, Askøy


Tekst og bilete: Vigleik Brekke

 

 

 

 

 


Publisert: 18.02.2017 14:49
Sist endret: 18.02.2017 15:04