Facebook ikon Twitter logo Print side

Ungdommens kommunestyre gjev uttale i saker om skulenedlegging

På møtet i Ungdommens kommunestyre (UKS) den 20. mars får ungdomspolitikarane høve til å gje uttale til sakene om nedlegging av Tellnes og Liljevatnet skular.

Frå møtet i UKS den 30.01.
Frå møtet i UKS den 30.01.

Møtet vert halde den same dagen som komité for drift og forvaltning (KDF) skal ta stilling til om sakene om skulenedlegging skal leggjast ut på høyring. Det er lagt opp til at UKS-medlemene høyrer på orienteringa Norconsult skal ha i samband med dei to sakene frå klokka 16.00.

Utover dette og ordinært UKS-møte, skal ungdomspolitikarane i Fjell ha felles temamøte med Sund og Øygarden ungdomsråd. Tiltaksplan for UKS står også på sakskartet.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 15.30.

Les innkalling med saksdokument her. Her kan du lesa saksdokument til møtet i KDF (20.03.).


Publisert: 13.03.2018 15:46
Sist endret: 13.03.2018 15:50