Facebook ikon Twitter logo Print side

Ungdommens kommunestyre støttar gjennomgang av skulestrukturen

Ungdommens kommunestyre (UKS) tek ikkje stilling til om nokon av skulane i Fjell bør leggjast ned eller ikkje, men då ungdomspolitikarane i går diskuterte budsjettet, støtta dei forslaget om å ta ein gjennomgang av skulestrukturen.

Ungdommes kommunestyre hausten 2017. Vilde K. Indrevik, Julie Henriette Langum, Marius Brakstad, Andrine Midtkandal Østenstad, Ingeborg Dyrøy, Kaja Endressen Bertheussen og Rune StavenesI tillegg er Fredrik Myrseth medlem av UKS (forfall til møtet i går). .
Ungdommes kommunestyre hausten 2017. Vilde K. Indrevik, Julie Henriette Langum, Marius Brakstad, Andrine Midtkandal Østenstad, Ingeborg Dyrøy, Kaja Endressen Bertheussen og Rune Stavenes. I tillegg er Fredrik Myrseth medlem av UKS (forfall til møtet i går).

Øyvind Aasen og Tore Solvang hjå Økonomisjefen gav informasjon om kommuneplanen sin handlingsdel, økonomiplanen og budsjettet. Grunnen til at spørsmålet om skulestruktur vart ein del av diskusjonen i går, var
at i eitt av forslaga som følgjer budsjettsaka vert det føreslått å sjå på omprioriteringar og innsparingar i skulen innanfor ei ramme på 15 millionar kroner. Dette kan mellom anna få konsekvensar for elevane på Tellnes,
Liljevatnet og Skålevik skular.

Elles støttar UKS forslaget om fleire ladestasjonar og at idrettsanlegget på Ågotnes vert rusta opp. Ungdomspolitikarane er også glade for at planane om nytt ungdomstilbod på Ågotnes vert realisert.

Gjev støtte til Straumemila 2018

UKS vedtok å løyva fem tusen kroner til Straumemila 2018. Dette er eit tiltak for heile familien, og nytt i 2018 er å gje gratis deltaking til elevar frå første til fjerde klasse. Då saka vart drøfta i går, gav fleire av medlemene i
UKS uttrykk for at støtte frå UKS skal gå til ungdomstiltak, medan dette tiltaket er retta mot ei yngre målgruppe. Søkjaren har i e-post i etterkant presisert at eventuell støtte til Straumemila indirekte også vil bidra mot
juniorklassen (13 til 18 år). Det vart søkt om støtte på 10 tusen kroner, og UKS konkluderte altså med å gje fem tusen kroner i støtte til Straumemila 2018.

Tiltaksplanen

Ungdomspolitikarane drøfta tiltaksplanen for UKS. Ungdomspolitikarane har vurdert om dei på nytt skal ta i bruk Facebook. På møtet i går vart det konkludert med at det ikkje vert aktivert Facebook-side for UKS. Eit prioritert tiltak er å informera ungdom i kommunen om UKS, og for å synleggjera dette, vert det tinga genser med logo til medlemene i UKS.

Det vart også drøfta tal på møte i UKS og kor mange fellesmøte ein bør ha saman med ungdomsråda i Sund og Øygarden. Det vart konkludert med at det vert lagt opp til to eigne møte for Fjell UKS og eitt fellesmøte våren 2018. Neste haust vert det felles opplæringsdag, temamøte (felles) og ordinært UKS-møte.

Leiar Julie Henriette Langum meinte at funksjonstida på to år i UKS er i kortaste laget og bør utvidast. Varaordførar Tom Georg Indrevik, møter fast i UKS, sa at dette innspelet kan ein vurdera og eventuelt endra funksjonstida frå 2019 når politisk styringsstruktur vert lagt i den nye kommunen.

Indrevik orienterte om aktuelle politiske saker. No handlar det først og fremst om budsjettet for 2018. Andre tema er kollektivtilbodet (til dømes fleire ekspressruter), internasjonale prosjekt, kommunesamanslåing og nytt
ungdomstilbod på Ågotnes.

På møtet gav Ivar Einarsen hjå Kultursjefen informasjon om EU-prosjekt og Sommar i Vest.



Tekst og foto: Vigleik Brekke 


Publisert: 22.11.2017 10:51
Sist endret: 22.11.2017 11:04