Facebook ikon Twitter logo Print side

Ungdomspolitikarane ønskjer nye tilbod på Ågotnes

Ungdommens kommunestyre (UKS) vil gjerne ha nye og fleire tilbod retta mot ungdom i den nordre delen av kommunen. UKS drøfta på møtet på tysdag denne veka tiltak som UKS-representanten Kaja Endressen Bertheussen kan ta med seg i arbeidet med plansmia Ågotnes.

Nestleiar Julie Henriette Vald Langum og leiar Roland Fredriksen.
Nestleiar Julie Henriette Vald Langum og leiar Roland Fredriksen.

Lena Svalastog Garnes hjå Plan- og utbyggingssjefen orienterte om arbeidet med plansmia Ågotnes. Ho stilte mellom anna spørsmål om korleis UKS kan verta aktive i prosjekt Ågotnes og kva anna tilbod enn idrett er det ungdomen har behov for.

UKS drøfta forskjellige tiltak som kan gjera Ågotnes-området meir attraktivt. Det kan til dømes arrangerast ein lokal festival etter mønster frå «Dragefjellsfestivalen» der innbyggjarar vert samla innandørs eller utandørs med mat og underhaldning frå lokale talent. Andre forslag som UKS-medlemet i plansmia tek med seg er å arrangera «Sotrafestival i Bildøyhallen, arrangera ein type «bondens marknad» og leggja til rette for softgun-bane og klatrepark bak skule- og idrettsområdet på Ågotnes. Det vart også fremja forslag om «Drive-in-kino» på Ågotnes, retrokafé og open hall i Ågotnes-hallen.

Orientering om utdanningsval på ungdomsskulen

Rådgjevar på Fjell ungdomsskule, Anita Klivnoy, orienterte om opplegget for utdanningsval.Det er planlagt eit tre-årig opplegg med tre hovudområde; personlege val, utdanning og yrke og arbeid.

- Dette faget skal gje deg kompetanse til å planleggja, utvikla og styrkja karrieren din på ein god møte. Viktige moment når du skal gjera dine val, er interesser, eigenskapar og ferdigheiter. Hugs at du er forma av verdiar som status, fridom, familie, likestilling og pengar, sa Klivnoy.

I samband med drøfting av tiltaksplanen seinare i møtet vart det konkludert med at dersom dette faget vert gjennomført slik Anita Klivnoy presenterte det i den lokale læreplanen, så er innhaldet i faget godt og relevant for elevane.


Anita Klovoy

Orienteringar og meldingar

  • Varaordførar Tom Georg Indrevik opplyste at det i samband med  ommunereforma skal setjast opp eit møte mellom leiarar og nestleiarar av UKS i dei tre kommunane i løpet av mars.
  • Leiar i UKS, Roland Fredriksen vert kontaktperson til referansegruppa for arbeid med handlingsplan for energi, miljø og klima.
  • Leiar Roland Fredriksen og nestleiar Julie Henriette Vald Langum deltok på ungdommens fylkesting nyleg.
  • Tre av medlemene i UKS skal informera om UKS til komité for drift og forvaltning den 7. mars.

Teklst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 17.02.2017 14:32
Sist endret: 17.02.2017 14:42