Facebook ikon Twitter logo Print side

Opnar rundkøyringa på måndag

Rundkøyringa ved Kystbygarasjen på Straume vert opna for ordinær trafikk måndag 8. juli om lag klokka 10.

Rundkøyringa opnar for ordinær trafikk komande måndag ettermiddag. Frå venstre; Terje Dolvik, Therese Skårnes Borgen og Leidvin Aakre, samferdsleavdelinga hjå Plan- og eigedomssjefen.
Rundkøyringa opnar for ordinær trafikk måndag 8. juli. Frå venstre; Terje Dolvik, Therese Skårnes Borgen og Leidvin Aakre, samferdsleavdelinga hjå Plan- og eigedomssjefen.

Etter planen skulle rundkøyringa opna fredag ettermiddag. Etter synfaring med Statens vegvesen og entreprenøren på fredag, vart det avklart at opninga måtte venta til måndag.

Avdelingsingeniør hjå Plan- og eigedomssjefen, Terje Dolvik, opplyser at det måtte gjennomførast nokre mindre sikringstiltak før rundkøyringa kunne opnast for vanleg trafikk. Det let seg ikkje gjera å ordna alle desse sikringstiltaka før helga.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 05.07.2019