Facebook ikon Twitter logo Print side

Utstyrsleverandør til sjømatnæringa til bergensregionen?

Den svenske delen av eit stort internasjonalt selskap vurderer å etablera den norske avdelinga i selskapet i bergensregionen. Dette skriv Invester i Bergen på nettsida si.

 

Ill.foto: Region Bergen
Ill.foto: Region Bergen

I to dagar har Invest in Bergen/Invester i Region Bergen vore vertskap for representantar for selskapet. Selskapet fekk presentert moglege produksjonslokale i Askøy, Bergen og Fjell kommunar. Saman er dei på jakt etter noko kontorareal, men mest produksjonslokale. Det internasjonale selskapet vurderer også samlokalisering med ein lokal leverandør.

Invester i Bergen kan ikkje seia meir kva selskap det er tale om. Den endelege avgjerda er ikkje teken, og det vil ta noko tid før alt er sluttbehandla i dei to selskapa.

Business Region Bergen er avvikla, men skal halda fram med to tenester; Invest in Bergen og Etablerersenteret. Fjell kommunestyre vedtok den 27. oktober å vera med i Etablerersenteret.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 08.12.2016 10:42
Sist endret: 08.12.2016 10:45