Facebook ikon Twitter logo Print side

Utvida transporttilbod + aktivitetar for og av frivillige til hausten

Vil du sitja på? Vivian Ananiassen og Jostein Nesse bringar deg trygt til og frå Straume - uansett kor du bur i Fjell.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Transporttilbod

Bestillingsbussen går som vanleg kvar torsdag i heile sommar for dei som treng ein tur til og frå Straume. Alle er velkomne på bussen. Du kan bestille fast plass. Ring 55 09 69 29 (10-14) for å bestilla, eller les meir om ordninga her.

Frå og med 5. september kan du ta bestillingsbussen både tysdagar og torsdagar!  Pris er 30,- kvar veg frå september. Klippekort á 10 reiser vert selde på bussen.

Aktivitetar til hausten:

Torsdag 10. august:

Høyrselhjelp på Fjell frivilligsentral kl. 11.00 (andre torsdag kvar månad).

Onsdag 16. august:

Strikkecafé på Fjell frivilligsentral kl. 14.30 - 17.30 (anna kvar onsdag i månaden).

Torsdag 17. august:

Leiar av Eldrerådet og Treff+, Berit Anita Larsen, informerer på Seniorsenteret om kommande aktivitetar på Treff+ kl. 11.00.

Tysdag 22. august: Aktiv+ kl. 10.30 - 14.00:

  • 10.30 - 12.00: Aktivitetstilbod:
    • Tur på grusveg i parken, forskjellige grupper som går ulik lengde
    • Trening i sal med instruktør
    • Balansegruppe i sal med fysioterapeut
    • Trening i styrkerom - volleyball - badminton – kulespel /petanque
  • 12.00 - 13.00: Kulturinnslag/foredrag: Demokratiet i det 21. hundreåret - ingenting er som det brukte å vera" v/Jørn Øyrehagen Sunde
  • 13.00 - 14.00: Prat og måltid i kafeen. Det er høve til å kjøpa seg middag/lunsj. Kafé er ope frå kl. 11-14.

Torsdag 24. august: Treff+ kl. 11.00 – 13.00:

  • SeniorSurf, Seniornett kjem til Fjell frivilligsentral. Tema: tryggleik på nett.
  • Fjell Seniorsenter er ope denne dagen, medan trekkspelmusikken startar opp 7. september og Bingo 14. september.
  • Skikkelig mat: Heimelaga raspeballar 175,- spis på staden, eller ta med heim.
  • Egon: Gratis kaffi til dei som kjøpar lunsj.

Onsdag 30. august:

Språkkafe på Fjell folkeboksamling kl. 13.00- 15.00.

Onsdag 30. august:

Introkurs for frivillige18 -20: alle er velkomne!

Onsdag og torsdag 6. og 7. september kl. 18 – 21:

Nasjonalforeningen i Fjell har to-dagars kurs for frivillige som ønskjer å bli aktivitetsvenn for personar med demens.

Torsdag 28. september:

Litterær matpakke for dei leseglade i Fjell folkeboksamling kl. 11.15 – 12.00 (siste torsdag kvar månad).

Frå måndag 24. juli held Seniorsenteret ope 10.30 – 13.00 kvardagar med kaffi og nysteikte vaflar. Fjell frivilligsentral er sommarstengt i heile juli, men telefonen er bemanna. Frivillig sentralen opnar igjen tysdag 8. august.


Publisert: 19.07.2017 10:24
Sist endret: 19.07.2017 10:54