Facebook ikon Twitter logo Print side

Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

Rådmannen går inn for at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Saka står på sakskartet til komité for drift og forvaltning (KDF) den 30. oktober. KDF skal også behandla budsjettet for 2018.

Ill. Rambøll Norge
Ill. Rambøll

Det er sett av 40 millionar kroner til prosjektet i investeringsbudsjettet. I framlegget til vedtak heiter det at kostnadsauke frå tidlegare avsetnad i investeringsbudsjettet samsvarar med skisseprosjekt med kostnadskalkyle.

Prosjektet omfattar riving av gamleskulen og utviding av skulen mot bedehuset og idrettsplassen. Ifølgje rådmannen vil dette gjera Bjorøy til ein moderne skule med rom for utviding og tilrettelagd utforming for universell utforming for elevar og tilsette.

Byggjestart var i mai 2018. Gamleskulen vart riven før fellesferien. Også sprengingsarbeida starta opp før ferien. No er betongarbeida i full gang, og betongdekke over underetasjen vert støypt i desse dagar.

Utviklar Ågotnes idrettspark

Rådmannen går inn for å gjennomføra fleire tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Saka er ei oppfølging av kommunestyrevedtak i 2017 der rådmannen vert beden om å fremja ei sak om utvikling av idrettsanlegget. Det er føreslått å rehabilitera naturgrasbana og løpebana. På eksiseterande grusbane er det føreslått å oppføra niarbane, friplass, trim- og leikepark med utstyr, flaumlys og drenering. Dersom innstillinga vert vedteken til slutt av kommunestyret, skal det prosjekterast og oppførast eit garderobebygg. Trafikktryggleiken ved anlegget skal utbetrast ved tydeleg skilting og bom. Forslaget inneber at rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Nordre Fjell Allianse IL når det gjeld fordeling av drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved anlegget. Fjell kommune er føreslått som byggherre for tiltaka.

Etterbruk av skulane på Tellnes og Misje

Rådmannen føreslår at grendelaga/bygdelaga på Tellnes og Misje får overta dei to nedlagde skulane. På Tellnes er det føreslått at grendelaget får tilbod om å overta gymnastikksalen, dusjanlegget, ballbingen og leikeapparata for kr. 1,-. Resten av skulebygget vert rive. Resten av arealet (4 200 kvadratmeter) vert vurdert omregulert og seld på den opne marknaden.

På Misje er det føreslått at bygdelaget får overta heile eigedomen med bygningar og utelanlegg for kr. 1,-. Kommunestyret avgjer saka.

Andre saker i KDF den 30. november

  • Drift av Lyngheia bufellesskap
  • Søknad om skjenkeløyva for alkoholm Isushi Cafe Sotra ASSøknad om nettsalsløyve for alkohol, NG Meny Vest AS
  • Andre gongs behandling av parkeringssituasjonen ved Fjell rådhus og helseområdet på Straume. Det vert føreslått å setja opp fire elektroniske tavler ved inngangen til Straume helsesenter, lokalmedisinsk senter og Straume terapisenter for året 2019.

Møtet vert halde i komitésalen i Fjell rådhus og tek til klokka 16.00.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst: Vigleik Brekke

.

 


Publisert: 26.10.2018 16:40
Sist endret: 26.10.2018 16:46