Facebook ikon Twitter logo Print side

Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

Komité for drift og forvaltning gjekk på møtet tysdag samrøystes inn for å godkjenna at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.

Henriette Nordtveit presenterte budsjettforslaget frå Høgre.
Henriette Nordtveit presenterte budsjettforslaget frå Høgre.

Det er sett av 40 millionar kroner til prosjektet i investeringsbudsjettet. I framlegget til vedtak heiter det at kostnadsauke frå tidlegare avsetnad i investeringsbudsjettet samsvarar med skisseprosjekt med kostnadskalkyle.

Prosjektet omfattar riving av gamleskulen og utviding av skulen mot bedehuset og idrettsplassen. Ifølgje rådmannen vil dette gjera Bjorøy til ein moderne skule med rom for utviding og tilrettelagd utforming for universell utforming for elevar og tilsette.

Byggjestart var i mai 2018. Gamleskulen vart riven før fellesferien. Også sprengingsarbeida starta opp før ferien. No er betongarbeida i full gang, og betongdekke over underetasjen vert støypt i desse dagar. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Føreslår å auka budsjettramma med seks millionar kroner

Høgre og Arbeidarpartiet presenterte kvar sitt forslag til driftsbudsjett for 2019. Arbeidarpartiet aukar driftsramma med 6,2 millionar kroner, medan Høgre føreslår å auka ramma med 6,6 millionar kroner.

Høgre har i sitt framlegg lagt inn midlar til matomsorg (250 tusen kroner), styrking av tilbod mot unge vaksne (500 tusen kroner), Basecamp Repro (950 tusen kroner), HomeStart (400 tusen kroner), lokalmedisinsk senter (to millionar kroner), soppsanering på Fjell festning (500 tusen kroner), Gründerparken (500 tusen kroner) og lønsmidlar til vikarar (eín million kroner prioritert til omsorg). Dette vert føreslått dekt inn ved auka skatt på inntekt og formue (fire millionar kroner), auka utbytte frå BKK (1,2 millionar kroner) og ved å redusera mindreforbruket (overskotet) frå fem millionar kroner til 3,6 millionar kroner.

Arbeidarpartiet sitt forslag er nokså likt framlegget frå Høgre. Ap har mellom anna lagt inn auke i tilskot til Øygarden brann og redning på 523 tusen kroner (+2,8 prosent) og redusert bruk av finansavkastning (1,5 millionar kroner). Arbeidarpartiet har ikkje sett av ekstramidlar til HomeStart.

Både Høgre og Arbeidarpartiet har trekt ut 18 millionar kroner i investeringsbudsjettet til geobrønnar og lagt inn tre millionar kroner ekstra til trafikksikring. Det vil koma eiga sak inklusive finansiering knytt til geobrønnar.

Les heile Arbeidarpartiet sitt framlegg her.
Her er Høgre sitt framlegg til budsjett.
Arbeidarpartiet og Høgre gjorde også felles framlegg om endringar i politiske prioriteringar og handlingsprogrammet.
KrF hadde forslag om endring i handlingsprogrammet.

Alle desse forslaga følgjer saka vidare til behandling i formannskapet, saman med komiteen si tilråding om å leggja ut årsbudsjettet, økonomiplanen og kommuneplanen sin handlingsdel til offentleg høyring.

Etterbruk av skulane på Tellnes og Misje

Komitéen går inn for at Misje bygdelag får overta gamle Misje skule med bygningar og utelanlegg for kr. 1,-. Misje og Tellnes skular vart lagde ned frå og med skuleåret 2018/2019. Avtalen med bygdelaget på Misje sikrar Fjell kommune heftefri gjenkjøpsrett til tomt og skulebygg, ved eventuelt vidaresal. I samband med utarbeiding av avtalen, må framtida og vilkåra for museumsgjenstandane i skulebygget avklarast.

Komitéen vedtok å utsetja saka om etterbruk av Tellnes skule for komplettering.

Andre saker i KDF den 30. november

  • Drift av Lyngheia bufellesskap
    Komitéen tok sak om drift av bufellesskapet til orientering. Driftskostnadene er innarbeidde i rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2019.

  • Komiteen går inn for å innvilga søknad om skjenkeløyva for alkohol til iSushi Cafe Sotra AS. Kommunestyret avgjer saka.

  • Det låg føre søknad om nettsalsløyve for alkohol, NG Meny Vest AS. Komitéen innstiller overfor kommunestyret å gje løyve.

  • Andre gongs behandling av parkeringssituasjonen ved Fjell rådhus og helseområdet på Straume.
    Komitéen sluttar seg til rådmannen sitt framlegg om å setja opp fire elektroniske tavler ved inngangen til Straume helsesenter, lokalmedisinsk senter og Straume terapisenter for året 2019. Kostnadene med tiltaket, opp mot 110 tusen kroner, vert finansiert gjennom investeringsbudsjettet til Servicetorgsjefen. Komiteen la til eit tredje.punkt om at rådmannen må leggja fram ei enkel evaluering om investeringane fungerer. Rådmannen vart også beden om å leggja ved eit notat til saka som skildrar korleis ein brukar av helsesenteret skal kunna forlengja parkeringstida utover to timar ved behov, og når ulovleg parkert bil medfører advarsel eller kontrollsanksjon..


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 30.10.2018 22:42
Sist endret: 30.10.2018 22:52