Facebook ikon Twitter logo Print side

Uvéret Urd: KKL er avslutta

Som følgje av uvéret URD, var den kommunale kriseleiinga samla på Fjell rådhus 2. juledag frå klokka 10. På bakgrunn av redusert vindstyrke ut på kvelden, vart KKL avslutta klokka 21.45. Klokka 23 hadde alle i Fjell fått straumen tilbake

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?



KKL var samla på Fjell rådhus mellom klokka 10.00 og 21.45.

Området mellom Fjell gard og Møvika og strekninga mellom Bildøybakken og Lie var store delar av kvelden utan straum som følgje av stormen. Men om lag klokka 23 hadde alle desse områda fått straumen tilbake.

Klokka 21.15 vart Sotrabrua opna for ordinær trafikk etter å ha vore delvis stengt i om lag to timar. I den perioden var det manuell trafikkdiriging.

Det var litt etter klokka 19 at BKK melde om straumstans på strekninga Bildøybakken, Ekrhovda og Lie. Om lag på same tid vart det meldt om bortfall av straum i området mellom Fjell gard og Møvika. På det meste var rundt 700 abonnentar i Fjell utan straum.

Informasjon om bortfall av straum finn du på nettet www.bkk.no/feil.

Meteorologisk institutt har oppdatert informasjon om vérsituasjon på yr.no

Fram til måndag kveld hadde Fjell kommune vakttelefonar inn til kriseleiinga. Desse telefonane er no stengde. Bruk evt. andre aktuelle telefonar som vist nedanfor.

  • Kommunale vegar: 99 48 99 48
  • Fylkes- og riksvegar: 175
  • Kommunale bygg: 476 06 122
  • Vatn- og avlaup, FjellVAR: 91 729 717


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 26.12.2016 22:00
Sist endret: 26.12.2016 22:10