Facebook ikon Twitter logo Print side

Vaksenopplæringa i vinden

Denne veka har Vaksenopplæringa i Fjell kommune hatt vitjing av fire studentar frå studiet «Interkulturell forståing» på NLA. Studentane har samla data til oppgåva si som omhandlar norskopplæringa sin posisjon i integreringsarbeidet av innvandrar og flyktningar. Dei har observert opplæringa i grupper på alle nivå, og har hatt samtalar med deltakarar, lærarar og rektor, samt tilsette på Kraftsenteret.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


NLA studentane seier at dei har blitt tatt svært godt i mot både av deltakarar og lærarar, og opplever veka som veldig lærerik. Det har vore særskilt interessant og sjå mangfaldet i elevgruppene, kor stor forskjell det er på dei språklege nivåa til deltakarane, samt kor viktig det er at lærarane tilpassar opplæringa og er tett på den einskilde deltakar. Det er positivt å observere kor godt flyktningtenesta og vaksenopplæringa samarbeider om ein felles plan, rettleiing og personleg oppfølging av vaksne flyktningar.


Gruppebilete av deltakarar og NLA studentar

Samstundes har logoped for vaksne, Torill Bratlid, eit fast samarbeid med Universitet i Bergen, om logopedstudentar i både observasjons- og fordjupingspraksis.

Også logopedstudentane understrekar at praksisen på Vaksenopplæringa har vore svært lærerik, og at den erfarne logopeden har ei pedagogisk tilnærming som synleggjer korleis teorien på studiet kan omsetjast i praktisk bruk. Logopedstudentar er i ulike praksisar, både på helse-, PPT- og sjukehusnivå, men dette er den einaste praksisplassen der det har vore fokus på vaksne med sjukdom og/eller skadar på hjernen, og der studentane har fått deltatt direkte i møte med vaksne menneske med ulike rehabiliterings- og opplæringsbehov.


Logoped og logopedstudentar

Det er spanande at så mange unge menneske er interesserte i å auke kunnskapen sin om integrering, norskopplæring og rehabilitering/opplæring av vaksne. Dei tilsette på Vaksenopplæringa er særs interesserte i å gje informasjon om kva plass vi har i kommunen sitt arbeid med integrering og opplæring. Vi opplever det som svært meiningsfylt å få høve til å dele av kunnskapen og kompetansen vår, og får tilbakemeldingar av studentane om at dei inntrykka eller meiningane dei hadde på førehand, ofte vert justerte i møte med praksisfeltet. Dei forlét oss med ny inspirasjon og motivasjon med tanke på framtidig yrkesval.

Etter haustferien startar Vaksenopplæringa eit samarbeid med Fjell Ungdomsskule, knytt til valfaget «Innsats for andre». Vi gler oss til at dei fire flotte ungdommane skal få høve til å delta i samspel med deltakarane våre.


Publisert: 05.10.2018 14:11
Sist endret: 05.10.2018 14:35