Facebook ikon Twitter logo Print side

Vann DAB-radio for deltaking i undersøking

Renate Angelvik frå Brattholmen deltok i ei undersøking om bustad- og bumiljø for barne- og ungdomsfamiliar og var ein av to som vann ein DAB-radio for å ha svara på undersøkinga. Den andre vinnaren var Elisabeth Valle frå Meland.

Ordførar og leiar i byregionprosjektet, Marianne Sandahl Bjorøy, overrekkjer ein DAB-radio til den eine vinnaren; Renate Angelvik.
Ordførar og leiar i byregionprosjektet, Marianne Sandahl Bjorøy, overrekkjer ein DAB-radio til den eine vinnaren; Renate Angelvik.


Tysdag ettermiddag overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy radioen til vinnaren frå Fjell. Sandahl Bjorøy er leiar for styringsgruppa for byregionrosjektet «Robuste berekraftige regionsenter i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion». Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Fjell, Os, Lindås og Meland.

Renate Angelvik trivst svært godt i Fjell og opplever det flott å bu nær eit regionsenter som Straume.

- Som barn og ung hugsar eg Sartor Senter som eit lite senter utan «gøye» butikkar. Me reiste heller til Loddefjord Torg for å handla, seier Angelvik.

Men det har skjedd ei formidabel utvikling på Straume dei 14 åra ho har budd i Fjell.

- No opplever eg å bu skjerma og landleg i Brattholmen, samstundes som eg bur midt i smørauga. Vi finn det vi treng på Straume, både når det gjeld forretningar og offentlege tenester. Eg er også glad for å bu nær skulen og at det er trygg skuleveg, seier Renate som arbeider på Fjell sjukeheim.

- Har du ingenting å klaga på?

- Vel, det hadde vore fint med røntgentilbod på Straume. Vegnettet og kollektivtrafikktilbodet kunne også vore betre, seier Renate Angelvik.

Innsatsområda for byregionprosjektet er attraktive bustadtilbod og bumiljø (med vekt på barne- og ungdomsfamiliar), attraktivitet for næringslivet og felles gang- og sykkelstrategi. Undersøkinga er ein del av temaområdet knytt tilbustadforhold for barne- og ungdomsfamiliar.

Totalt har om lag to tusen hushald i dei fire kommunane svara på undersøkinga. Her kan du lesa rapporten.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 22.08.2018 19:55
Sist endret: 22.08.2018 19:59