Facebook ikon Twitter logo Print side

Vann konkurranse for utvikling av digital plattform

I sist veke vann gründerbedrifta Milla Says, som held til i grunderparken Vest på Straume, 100 tusen kroner for å utvikla ein digital kommunikasjonsplattform. Denne plattforma skal løfta barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å ha ein god kommunikasjon rundt seg.

Aleksander Helmersberg mottar sjekk av Hans Martin Thomassen i Visma Mamut.
Aleksander Helmersberg mottar sjekk av Hans Martin Thomassen i Visma Mamut.

Det var Visma Mamut som lyste ut konkurransen som gjekk ut på kva bedrifta ville bruka ein pengepremie på 100 tusen kroner. I konkurranse med over elleve hundre personar, kunne Aleksander Helmersberg som dagleg leiar i Milla Says motta pengepremien.

Barnehagesektoren i Fjell nyttar denne digitale plattforma.

- Særleg ein av dei kommunale barnehagane har hatt eit samarbeid over fleire år med Aleksander Helmersberg om utviklinga og utprøving av appen Milla Says, Det elektroniske kommunikasjonsverktøyet/appen skal også prøvast ut i andre avdelingar i Fjell kommune av brukarar som treng alternative kommunikasjonsverktøy som teikn-til-tale for betre å kommunisera med andre, seier barnehagesjef Margun Landro.

I finalerunden nytta Visma Mamut Facebook som plattform for å kåra vinnaren. Milla Says vart den soleklare vinnaren av pengepremien med godt over tre tusen «likes».

- Eg er svært heldig som har så mange engasjerte følgjarar med meg i Milla Says, og kanskje særleg på sosiale medium. Så grunnen til at vi klarte å få så mange «likes» er deira engasjement, delingar og spreiing, seier Helmersberg i ei pressemelding frå Visma Mamut. Her er presentasjon av finalistane.

Helmersberg har sidan 2014 arbeidd med dette digitale verktøyet som skal leggja til rette for at alle skal verta tekne på alvor og verta behandla likt ut frå føresetnadene sine. Målet er å utvikla gode digitale løysingar som løftar barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å kunna ha ein god kommunikasjons med dei rundt seg. Les meir her. I 2011 fekk familien Helmersberg dottera Milla som har Dows Syndrom. Ho har forseinka verbal tale,  og foreldra fekk tidleg melding om dei måtte læra å kommunisera ved hjelp av teikn.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Visma Mamut

 


Publisert: 30.08.2018 13:34
Sist endret: 30.08.2018 13:56