Facebook ikon Twitter logo Print side

Vedtaka om nedlegging av skular er gyldige

Etter lovlegkontroll av vedtaka den 7. mai om å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular, slår Fylkesmannen fast at kommunestyrevedtaka er gyldige.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?



Tellnes (til venstre) og Liljevatnet skular

Tre kommunestyrerepresentantar sette fram krav om lovlegkontroll av vedtaka. Fjell kommunestyre vedtok den 21. juni å oppretthalda vedtaka, og kravet om lovlegkontroll vart då vidaresendt til Fylkesmannen.

Innleiingsvis for begge sakene understrekar Fylkesmannen at det er opp til kommune sitt frie skjøn å ta avgjerd i spørsmålet om nedlegging av skular.

Når det gjeld Liljevatnet skule var hovudpunkta i kravet til lovlegkontroll at høyringsfristen var for kort, manglande konsekvensutgreiing og vurdering av kva som er til det beste for barna og uforsvarleg saksbehandling. Fylkesmannen viser mellom anna til at det ikkje finst lov- og forskriftsbestemte reglar for kor lang fristen for å uttala skal vera i saker om skulestruktur. Det er rundskriv som omtalar dette, men der er det berre tilrådingar knytt til lengde på frist for å kunna uttala seg.

I lovlegkontrollen på vedtaket knytt til Liljevatnet skule ber underskrivarane vidare Fylkesmannen å vurdera om det er teke omsyn til kva som er til beste for barnet. Han meiner at kommunestyret har vurdert fleire omsyn som har betydning for dette, mellom anna standarden på skular og bygg, skuleskyss, elevkapasitet og det å halda elevane på Liljevatnet samla. Fylkesmannen nemner likevel at vurderinga av kva som er til det beste for barnet kunne vore meir omfattande og dessutan eksplisitt synleggjort.

Også når det gjeld vedtaket om å leggja ned Tellnes skule konkluderer Fylkesmannen med at ulike grupper som saka vedkjem har hatt høve til å uttala seg om vedtaket og at saksbehandlinga har vore forsvarleg. Underskrivarane av lovlegkontrollen meinte at høyringsfristen var for kort at og kommunen ikkje hadde oppfylt utgreiingsplikta si.

For begge lovlegkontrollane konkluderer Fylkesmannen med at det ikkje er grunnlag for å oppheva kommunestyrevedtaka som vart fatta den 7. mai.

Brev frå Fylkesmannen om lovlegkontroll Liljevatnet skule.
Brev frå Fylkesmannen om lovlegkontroll Tellnes skule.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/montasje: Monica Hovland


Publisert: 15.08.2018 13:32
Sist endret: 15.08.2018 13:34