Facebook ikon Twitter logo Print side

Vedtok å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Kommunestyret vedtok i dag å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019.

Ernst Einarsen (H) starta debatten. Han tilhøyrte fleirtalet som slutta seg til innstillinga frå komité for drift og forvaltning.
Ernst Einarsen (H) starta debatten. Han tilhøyrte fleirtalet som slutta seg til innstillinga frå komité for drift og forvaltning.

Kommunestyret slutta seg dermed til innstillinga frå komité for drift og forvaltning der det heiter at elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund. Det er ein føresetnad at kommunestyret i Sund er positive til ei slik løysing. I vedtaket heiter det at det vert fremja eiga sak om etterbruk av skulebygning og uteareal.

Når det gjeld Liljevatnet skule, vedtok kommunestyret at elevane samla vert overførte til Brattholmen skule og at kulturskulen held fram i lokala til Liljevatnet skule. Skulen vert etter nærare utgreiing teken i bruk til andre kommunale tenester, til dømes barnehage. I vedtaket går det også fram at skulen framleis vil vera ein samlingsstad i lokalmiljøet til fritid, lag og aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid.

Vedtaket i dei to skulesakene vart gjort med røystene frå Arbeidarpartiet, Høgre, KrF, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne (26 røyster). Mindretalet var samansett av SV, Sotralista og Framstegspartiet (ni røyster).

I debatten la fleirtalet vekt på at Fjell kommune har ein kostbar skulestruktur og at det var nødvendig å gjennomføra grep for å sikra det totale tenestetilbodet, mellom anna omsorg og helse. Mindretalet argumenterte for å venta med å ta avgjerd no og mellom anna sjå skulestrukturen i samanheng med kommunesamanslåinga.

Mindretalet, samansett av Framstegspartiet, Sotralista og SV, hadde fleire alternative forslag i dei to skulesakene. Desse partia/gruppene ville ikkje leggja ned desse skulane, men heller sjå på skulestrukturen i samanheng med kommunesamanslåinga.

I utgreiinga for saka om Liljevatnet skule skriv rådmannen at innsparinga ved at alle elevane går til Brattholmen skule vert på 5,2 millionar kroner i 2019 og 11,4 millionar kroner i 2020. Innsparinga ved å leggja ned Tellnes skule er kalkulert til 1,7 millionar kroner i 2018 og 2,5 millionar kroner i 2019.

Andreas Sjalg Unneland (SV) tilhøyrte mindretalet som ikkje ville leggja ned dei to skulane.
Andreas Sjalg Unneland (SV) tilhøyrte mindretalet som ikkje ville leggja ned dei to skulane

Høyringar

Kommunestyret gav uttale til to saker frå fellesnemnda for Nye Øygarden kommune. Det gjaldt sluttrapport frå utval for politisk styringsstruktur og utval for eigarskapsmodellar.

Når det gjeld rapport frå utval for politisk styringsstruktur vart det med 23 røyster (Ap, Høgre, KrF, SV, Miljøpartiet Dei Grøne) vedteke å slutta kommunestyret seg til eit fellesframlegg frå Høgre og Arbeidarpartiet. Der heiter det at kommunestyret sluttar seg til struktur og hovudlinjer (med to hovudutval) slik det går fram av sluttrapporten med nokre merknader. I uttalen som vart vedteken vert det understreka at det skal leggjast opp til opne prosessar, aktiv politisk deltaking og at folkevalde i verv på minst 40 prosent eller meir av heil stilling vert meld inn i same pensjonskasse som tilsette i kommunen. I rapporten var det føreslått at vervet skulle vera minst i 50 prosent. I den vedtekne uttalen vert det også presisert at for å sikra ei heilskapleg styring støttar Fjell kommunestyre forslaget om å ha to hovudutval i tillegg til formannskapet.

Sotralista sitt framlegg om å slutta seg til rapporten slik han låg føre med to hovudutval fekk seks røyster. Frp fekk sine eigne fire røyster på sitt framlegg om å stå fast på intensjonsavtalen der det er lagt til grunn fire hovudutval.

Kommunestyret gav også uttale til sluttrapport frå utval for eigarskapsmodellar. Høgre sitt framlegg vart vedteke med 22 røyster, medan 12 medlemer i kommunestyret slutta seg til framlegget frå Arbeidarpartiet. I den vedtekne uttalen heiter det at kommunestyret støttar konklusjonane og modellane som er presenterte i rapporten med nokre merknader. Det heiter at før endeleg vedtak når det gjeld plassering av renovasjonstenestene, må det utarbeidast eit oversyn og fordelar og ulemper. Det må også leggjast fram eiga sak om etableringa av Øygarden næring og utvikling og Øygarden næringseigedom som avklarar arbeidsoppgåver, finansiering og langsiktige driftsforhold.

Framlegget frå mindretalet er identisk med protokolltilførselen til Arbeidarpartiet i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune den 16. april.

Her kan du lesa meir om vedtaka i desse to sakene som vart gjort i fellesnemnda den 16.04.

Andre saker

  • Endring av selskapsavtale, Øygarden brann og redning IKS (ØBR)
    Kommunestyret godkjente endringane i paragraf 7 i selskapsavtalen knytt til innskotsplikt.

  • Val av kandidatar til styret i FjellVAR
    Kommunestyret valde seks kandidatar til medlemer med varamedlem til styret i FjellVAR. Formelt er det generalforsamlinga (ordførar) i FjellVAR AS som vel styret på generalforsamlinga i juni. Valet gjeld fram til ny eigarskapsmodell er valt i samband med etableringa av Nye Øygarden kommune. Kommunestyret vedtok å fremja sitjande styremedlemer som kandidatar:
              - Ole Gerhard Fredheim (Ap), personleg varamedlem: Ranveig Frøiland) (Ap)
              - Tonje Tangen Alvsvåg (Ap), personleg varamedlem: Jan Erik Andresen (Ap)
              - Reidun Brekke (H), personleg varamedlem: Bjørn Rathem (H)
              - Eli Årdal Berland (H), personleg varamedlem: Magne Lie (H)
              - Lars Oskar Lie (Frp), personleg varamedlem: Vidar Moen (Frp)
              - Elna Nybakk (Sotralisa), personleg varamedlem: Odd Ivar Ølnes (V)

Ole Gerhard Fredheim er kandidat til leiarvervet, medan Elna Nybakk vert fremja som kandidat til nestleiarvervet.

Dirigentbordet; varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandah BjorøyFrå møtet i dag.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen

 

 

 


Publisert: 07.05.2018 19:25
Sist endret: 07.05.2018 19:46