Facebook ikon Twitter logo Print side

Vedtok budsjettet for 2018

Torsdag ettermiddag vedtok kommunestyret i Fjell budsjettet for 2018. Det var budsjettframlegget til Arbeidarpartiet og Høgre som vart vedteke. Også KrF støtta dette forslaget.

Ernst Einarsen (H) presenterte hovudtankar bak forslaget frå Arbeidarpartiet og Høgre.
Ernst Einarsen (H) presenterte hovudtankar bak forslaget frå Arbeidarpartiet og Høgre.

I tillegg til årsbudsjettet vedtok kommunestyret kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021og økonomiplanen 2018-2021.

Driftsbudsjettet har ei ramme på om lag 1,8 milliardar kroner. Det skal investerast for 251 millionar kroner i 2018 inklusive 100 millionar kroner som er avsett til lokalmedisinsk senter. Gebyra for 2018 aukar med fire prosent. Barnehagesatsen aukar med 6,6 prosent, medan gebyra for oppmåling vert auka med 2,6 prosent.

I vedtaket heiter det at det må setjast i verk strukturelle tiltak som flyttar midlar til den kvalitative delen av tenestene. Rådmannen vert beden om å sjå på omprioriteringar og innsparingar innanfor ei ramme på 15 millionar kroner. I skulesektoren skal rådmannen vurdera om det vil vera mogleg å overføra elevar frå Tellnes skule til Skogsvåg skule i Sund frå hausten 2018. Vidare skal rådmannen vurdera om elevane på Liljevatnet skule kan overførast til skulane på Brattholmen eller Hjelteryggen frå skuleåret 2019/2020.

Det skal setjast i gang arbeid med å sanera asbest på Foldnes og Skålvik skular. Dette inneber at elevar må flyttast til andre skular medan arbeidet går føre seg. For Skålvik skule vil saneringa verta vurdert i ei komande sak om ombygging/renovering av skulen.

KrF fekk ikkje fleirtal for å auka løyvinga til Home Start frå 800 tusen kroner til 1,2 millionar kroner, men det skal utarbeidast ei eiga sak som skal sjå på framtidige tilskot frå kommunen til Home Start.

Innsparinga skal koma elevane til gode

Innsparingane i skulesektorane skal etter vedtaket koma elevane til gode. Tiltak i 2018 er skuletur for alle tiandeklassingar med stiftinga «Hvite busser» eller tilsvarande ideell organisasjon, ekstra lærar i rekning, lesing og skriving for 1. til 4. klasse og å oppretthalda tilbodet med miljøterapeutar. Andre nye tiltak utover framlegget frå rådmannen er mellom anna avsetjing til drift av lokalmedisinsk senter (fem millionar kroner), drift av ROP-huset (ROP: tilbod til personar med rus- og psykiatriproblem) ved å omdisponera midlar frå flyktningområdet til rus, drift av servicebuss, støttetiltak for funksjonshemma og ekstramidlar til likestillingsutvalet.

Cecilie Rathem (H) sa at innsparing som følgje av endring i skulestrukturen skal gje betre innhald i skulen.
Cecilie Rathem (H) sa at innsparing som følgje av endring i skulestrukturen vil gje betre innhald i skulen.

I fellesframlegg frå Sotralista, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne går det fram at det er nødvendig med å ein gjennomgang av skulestrukturen, men at det bør vurderast å byggja ein ny skule på Vestsida i staden for å rehabilitera Skålevik skule. Også FrP føreslo i sitt framlegg ny skule på vestsida. Desse forslaga fekk ikkje fleirtal.

Opposisjonen sine forslag fekk ikkje fleirtal under budsjettmøtet i dag, men SV sitt forslag om å kutta utgifter til budsjett- og strategikonferansen og seminar i regi av komitéane ved å bruka eigne lokale, fekk fleirtal i kommunestyret.

I samband med økonomiplanen (investeringsbudsjettet) vart det mellom anna vedteke å setja av tre millionar kroner til trafikksikring på strekninga mellom Straume sentrum og Sotra Arena. Det vart vidare vedteke å setja av eín million kroner til å vidareføra arbeidet med å utvikla Geitvika til eit attraktivt tenleg frilufts- og badeområde. Trafikksikringstiltaket og utvikling av Geitvika vert finansiert med å auka låneramma. Investeringsramma er på 251 millionar kroner. Ei av dei større investeringspostane er utbetring av Bjorøy skule (25 millionar kroner).

I framlegget frå Sotralista, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne går det i tekstforslaget fram at det skal vera mogleg for den nye storkommunen å frigje minst 100 millionar kroner frå drifta det første driftsbudsjettet som vert lagt fram i 2019. Det vart ikkje røysta over dette, men kommunestyret samla seg om at ordføraren tek dette forslaget opp i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune.

Her er forslaga:

Frå budsjettmøtet torsdag
Frå budsjettmøtet torsdag

Godkjende detaljreguleringsplan for Landrovegen, Polleidet.

Kommunestyret godkjende detaljreguleringsplan for bygging av maksimalt 70 bustadeiningar på Polleidet. Det er lagt inn ekstra rekkjefølgjekrav om utbetring av ein del av Landrovegen.
Kravet innebér utbetring av Landrovegen (fv 211) mellom avkøyringa til bustadområdet (planområdet) til krysset Landrovegen/Vestsidevegen.

I tillegg til oppføring av maksimalt 70 bustadeiningar legg planen til rette for fire leikeplassar, grøntareal og parkering.

Føreslår tiltakspakke mot kø i trafikken

Kommunestyret slutta seg til eit forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre om ei rekkje tiltak som kan redusera køen på riksveg 555 på Litlesotra.

Så snart som mogleg ber kommunestyret om at det vert innført forbod mot å køyra med motorvogn sør for kryss med Bildøy bru for å hindra gjennomkøyring frå Bildøy bru eller riksveg 555 over Bildøyna mot Straume mellom klokka 06.30 og 09.00 (måndag til fredag). Dette forbodet gjeld ikkje buss.

Vidare vert det forbod mot å køyra med motorvogn (unnatak for buss) i same tidsrom ved Arefjordbrua for å hindra gjennomkøyring frå Litlesotra mot Valenkrysset (v/ riksveg 555). Det er også vedteke å forby køyring med motorvogn (ikkje buss) ved påkøyring frå Straume mot riksveg 555 retning Bergen mellom kl. 06.30 og 09.00 måndag til fredag.

Andre tiltak er auka kapasitet på lyskryss ved Valenkrysset, direkte påkøyringsfelt frå Hjelteryggen mot Bergen og informasjonskampanje. I vedtaket vert det også vist til forslag i fylkesutvalet om å løyva 1,5 millionar kroner til ekstra bussruter. Kommunestyret ber om at fylket prioriterer direkteruter til Kokstad/Sandsli der ein nyttar Knappetunnelen. Det er også bedt om at fylkeskommunen gjennomfører ein moglegheitsstudie om båtrute mellom Ågotnes og Bergen og konsekvensanalyse av eventuell rushtidsavgift.
Her kan du lesa meir om tiltaka.

FrP fekk ikkje fleirtal for sine forslag om å oppretta innfartsparkering i Tellnes Næringspark og Ågotnes (utviding). Partiet fekk heller ikkje fleirtal for å ta opp igjen den private reguleringsplanen om innfartsparkering vest for Kolltveittunnelen (Knutepunktet). Heller ikkje forslaget om å innføra forbod mot å sykla over Sotrabrua i morgon- og ettermiddagsrushet og at syklistane kan ta sykkelen med på bussen gratis på strekninga over brua, fekk fleirtal.

Sotralista, Venstre, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om at det skal fremjast ei sak om kor vidt det er mogeleg å oppretta eit prøveprosjekt for båtsamband Ågotnes – Bergen.

Andreas Sjalg Unneland (SV) var mellom dei som både i budsjettsaka og "køsaka" ivra for å etablera båtrute mellom Ågotnes og Bergen.
Andreas Sjalg Unneland (SV) var mellom dei som både i budsjettsaka og "køsaka" ivra for å etablera båtrute mellom Ågotnes og Bergen.

Vil gje einerett til BIR Transport AS

Kommunestyret vedtok at BIR Transport AS vert tildelt einerett for å henta inn hushaldsavfall. Eineretten varer fram til organiseringa av denne tenesta vert vurdert på nytt etter kommunesamanslåinga i 2020. Bakgrunnen for saka er at RenoNorden gjekk konkurs tidlegare i år og at ein som følgje av det har arbeidd med å finna løysingar for bossinnsamling. 

Fire personar føreslått å få vigselrett i Fjell

Frå januar 2018 er vigselmyndigheita overført til kommunane ved ordførar, varaordførar og andre kommunestyret gjev slik myndigheit. Kommunestyret slutta seg til forslaget om at ordførar, varaordførar, personalsjef Lisbeth Grosvold og kultursjef Lennart Fjell får vigselrett i Fjell og at det vert sett av ein fast fredag i arbeidstida og ein fast laurdag i månaden til vigsel. Ordførarkontoret vert seremonirom.

Forskotterer spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekke

Kommunestyret vedtok at Nest-Sotra får eín million kroner til forskottering av spelemidlar til rehabilitering av kunstgrasdekket på 11ár-bana på Skålvika. Det skal utformast ein avtale der det går fram at venta spelemiddeltilskot på eín million kroner i sin heilskap går til Fjell kommune. Nest-Sotra må leggja fram skatteattest som vilkår for forskottering av spelemidlar.
Det viser seg at kostnaden med å leggja kunstgras vert dyrare enn tidlegare rekna med. Men i vedtaket heiter det at Fjell kommune ikkje kan gje lån til rehabilitering av kunstgrasdekket.

I drøftinga i kommunestyret torsdag kveld vart det teke til orde for å finna ei finansieringsløysing for rehabilitering av kunstgrasdekket. Ordførar Marianne Sandal Bjorøy opplyste at det er avtalt møte med idrettslaget like etter nyttår.

Temaplan for avfall 2017-2025

Kommunestyret godkjente temaplan for avfall 2017-2025 slik han låg føre. Hovudmålet i planen er at Fjell kommune skal vera leiande i fylket på sirkulær økonomi innan avfallsområdet. Sirkulær økonomi handlar om å ta vare på brukte ressursar, gjennom ombruk, reperasjon og gjenvinning av material.

Rapport etter forvaltningsrevisjon 2017

Kommunestyret slutta seg til kontrollutvalet si innstilling om rapport etter forvaltningsrevisjon 2017 om tilpassa opplæring, spesialundervisning og samarbeid med PPT.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert: 14.12.2017 20:15
Sist endret: 15.12.2017 09:05