Facebook ikon Twitter logo Print side

Velkomen til BrukOM-dag på Hjelteryggen!

Onsdag den 30. november kl. 14 til 19 inviterer Marihøna barnehage og Hjelteryggen skule til BrukOM-dag på allaktivitetshuset på Hjelteryggen.

Avdelingsleiar på Hjelteryggen skule, Cecilie Dahl (til venstre) var den første som leverte inn klede til BrukOM dagen klokka 0745.
Avdelingsleiar på Hjelteryggen skule, Cecilie Dahl (til venstre) var den første som leverte inn klede til BrukOM dagen klokka 0745. Linda Therese Lien Bøe i FAU på Hjelteryggen skule deler ut peparkake.

- Dette er eit berekraftig nærmiljøtiltak med gjenbruk av klede og gjenstandar for vintersesongen, seier styrar på Marihøna barnehage, Trond Heggestad. Han minner om at det kan leverast inn klede og gjenstander også i dag (tysdag) mellom klokka 15 og 20.

Det var Trond Heggestad og rektor på Hjelteryggen skule, Pål Stian Pedersen, som tok initiativ til BrukOM-dagen. Barnehagen og skulen har over fleire år hatt eit jamleg og godt samarbeid om lokale tiltak, mellom anna fleire år med internasjonalt samarbeid via Comenius Regio-prosjekt.

- Foreldregruppa for barnehagen og skulen vart inviterte inn i arbeidet med planlegging og gjennomføring av BrukOM-dagen. Representantane i både samarbeidsutvalet og arbeidsutvalet til foreldrerådet (FAU) har vist eit stort engasjement og har vore heilt avgjerande for å kunna arrangera ein slik berekraftig BrukOM-dag, seier Heggestad.

Haldningsskapande arrangement

Heggestad seier at eit slikt arrangement vil også vera kontaktskapande og sosialt, samstundes som vi set fokus på gjenbruk, altså å bruka OM ting og klede. Det er også ein tanke at dette kan vera eit haldningsskapande arrangement og knyta dette mot det viktige arbeidet med den aukande barnefattigdomen i Fjell.

Samhandlingsteamet i Fjell kommune har også delteke på planmøte. I tillegg er NAV og andre lokale organisasjonar kontakta i prosessen.

Det er også oppretta et arrangement på Facebook, der du kan finna informasjon.
Skriv er levert ut til føresette på barnehagen og skolen. Det er også sendt sms til alle føresette og tilsette.

- Vi tenkjer at ein gjenbruksdag kan gje inspirasjon til meir miljøvennlige val. Som forbrukarar kan vi kjøpa klede som varer lenge og som er produserte med minst mogleg miljøbelastning. Det å arva klede og det å handla «second hand» aukar gjenbruket, seier Heggestad.

Mykje går i søpla

Hushalda i Noreg kastar store mengder klede i søpla. Utrekningar gjort av Statens institutt for forbruksforskning viser at det er eit potensiale for å auka årleg innsamling av tekstilar med over sju kilo per innbyggjar. Auka gjenbruk og materialgjenvinning av tekstilar gjev positive miljøeffektar fordi det reduserer etterspurnaden etter nye tekstilar.

- Gjer vi ein skikkeleg innsats for å auak gjenbruk kan vi også redusera store CO2-utslepp. Vi håpar på god oppslutnad om dette som vi meiner er eitt av mange gode tiltak både økologisk, økonomisk og sosialt, seier Heggestad.

Vert dette suksess, ønskjer barnehagen og skulen å vidareføra dette og kanskje laga liknande arrangement mot sommaren 2017. Tida vil visa om dette vert ein tradisjon.

Foto: Trond Heggestad

 


Publisert: 29.11.2016 13:32
Sist endret: 29.11.2016 13:38