Facebook ikon Twitter logo Print side

Velkomen til frivilligforum!

Anten du er frivillig eller er interessert i informasjon om korleis det er å vera frivillig, er du velkomen til den oppussa frivilligsentralen på Sartor Storsenter onsdag 25. oktober.

Ill.

Samlinga vert kombinert med markering av at frivilligsentralen er pussa opp. Temaet for kvelden er digitalt verktøy for frivillige (FRIDA) der du kan administrera din eigen frivillige innsats. Det vert også utveksling av erfaringar som frivillige.

Difor; møt gjerne opp på frivilligsentralen onsdag 25. oktober kl. 18.00-20.00! (inngang i biblioteket eller frå parkeringsplass vest for biblioteket).

Her kan du logga deg på FRIDA. Du kan logga deg på med ditt mobilnummer og passord velkommen535. Du endrar passord oppe til høgre. For å vera registrert i FRIDA må ein ha fylt ut skjema for frivillige hos frivilligsentralen og signert teieplikta.

Les plakat her.

 


Publisert: 24.10.2017 09:10
Sist endret: 24.10.2017 09:22