Facebook ikon Twitter logo Print side

Velkomen til opning av FriHuset og BUA på Ågotnes

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opnar det innovative FriHuset, og leiar for komite for drift og forvaltning, Ernst M. Einarsen, opnar BUA Fjell tysdag 4. juni. Vi får også besøk frå BUA sentralt, Eline Egeland, som er gründer for BUA-nettverket. Etter opninga vert det høve til å sjå både FriHuset og BUA.

Opningsveke FriHuset

Program for opningsveke - Frihuset

Måndag 3. juni

  • Kl. 18.00 - Open kveld. Alle kan koma og sjå FriHuset og BUA. Lett servering.

Tysdag 4. juni

  • Kl. 14.00 - Offisiell opning og omvisning på FriHuset og BUA
  • Kl. 18.00 - Open kveld FriHuset
  • Kl. 19.00 - Kahootquiz

Onsdag 5. juni

  • Kl. 17.30 - 20.00 - Juniorklubb 5. - 7. klasse

Torsdag 6. juni

  • Kl. 18.00 - Ungdomskveld. Arrangementet er eit samarbeid
    mellom fritidsklubbane og MOT. Konsertar og
    anna.

Her kan du sjå invitasjon til opningsveka.


Sist endret: 29.05.2019