Facebook ikon Twitter logo Print side

Vellykka Grill og hattefest med 120 gjester

Tradisjonen tru vart det 13 juni arrangert grill og hattefest i kantina på Straume bu og servicesenter.

Ca 120 gjester frå  Straume bu og servicesenter, Fjell sjukeheim, Blombakkane bustad, Straume hagen og Straume Arbeidssenter deltok.  Dagavdelinga ved Straume bu og servicesenter  har stått for planlegging, invitasjon og gjennomføring av festen. Som alle år var det god grillmat frå kjøkkenet, og ein liten is til dessert. 

Vi fekk topp underhaldning frå musikkterapeut Gurid Gjermstad Dyvik, Henning Hodne Mjanger og Edvard Mjanger. Røde kors besøksteneste stillte med 8 damer som hjalp oss med å få det praktiske i hamn.

Tekst/foto
Astrid Geitle


Publisert: 13.06.2018 16:23
Sist endret: 13.06.2018 16:25