Facebook ikon Twitter logo Print side

Vèr obs på mykje uvér i julehelga!

Det er meldt om eit lågtrykk sørvest for Island som utviklar seg til eit stormsenter. Måndag kveld er det venta storm og kraftige vindkast i heile Sør-Noreg.

Stormen Nina slo kraftig frå seg i januar 2015. Biletet er frå Lokøyna.
Stormen Nina slo kraftig frå seg i januar 2015. Biletet er frå Lokøyna.

Allereie fredag kveld er det venta sørleg liten storm, medan det på laurdag er meldt om vindkast på 20-25 sekundmeter inn mot land. Frå laurdag ettermiddag (julaftan) til sundag morgon er det venta vasstand på 60-70 centimeter over verdiane som er oppgjevne i tidevasstabellen.

Beredskapsleiar Sveinung Nymark ber folk om å kontrollera tampane på båtane sine og tenkja seg vel om før dei kjører over Sotrabrua med takboks eller tilhengjar når vinden passerer 17 sekundmeter.

Følg med på yr.no og varsom.no


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland


Publisert: 23.12.2016 15:29
Sist endret: 23.12.2016 15:37