Facebook ikon Twitter logo Print side

Verdig avskjed med Terje Aannerød

Ei fullsett Fjell kyrkje tok i dag farvel med Terje Aannerød. Aannerød har vore i presteteneste i Fjell sidan 1994.


Det var mange kransar og bårebukettar i kyrkja.

Under gravferdsseremonien i kyrkja var det familien som hadde minneord. Sonen Tord gav eit flott bilete av far sin som trass i ein travel kvardag alltid hadde tid til barna.

Det var biskop Halvor Nordhaug som talte under gravferda. Han fortalde om nattverdstunda han fekk ha saman med Terje 16 timar før han døydde den 26. mars. Då fekk biskopen dela eit ord frå 2. Tim. 4 om at det er ikkje slutt med dette. « Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua. No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.»

Han skildra Aannerød som ein levande, energisk og livsglad prest.

- Mest av alt; takk for at du har forkynt evangeliet! sa biskopen.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, sa at Terje hadde ei spesiell evne til å framføra den kristne bodskapen slik at han vert opplevd som viktig i dag.

- Du opplevde at han snakka direkte til deg og såg kvar enkelt. Vi kjem til å sakna Terje for gode ord, ikkje minst slik vi opplevde det på julaftan, sa han.

Indrevik viste til samtale med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka. Ho har hatt gleda av samarbeid med Terje Aannerød i samband med gudstenesta på 17. mai og at ho sette stor pris på talane hans under desse gudstenestene.

Erling Kopperud, som har vore sokneprest i Fjell og prost i Vesthordland i mange år, sa at Terje Aannerød kom som eit friskt pust som kapellan i Fjell i 1994. Han vart sokneprest i 2007. Det er mange spor etter Terje. Han engasjerte seg i ungdomsarbeidet, KRIK, T-dagsarbeidet og personar som har eit særleg behov gjennom Tru- og lys-samlingar. Han var også sentral i samarbeidet med skulen

- Vi har eit godt samarbeid med skulen Fjell, og Terje var i lang tid med i skule/kyrkje-utvalet. Mange har fått eit nært forhold til Terje i det kyrkjelege arbeidet, sa Kopperud.

Frykta motstandar på fotballbanen

Fleire gav uttrykk for at det var ikkje spøk å spela fotballkamp der Terje var med. Han gav alt.

- Når det handla om fotball, sytte eg alltid for å vera med på same laget som Terje, sa biskop Nordhaug.

Terje Aannerød fekk påvist kreft i fjor haust og vart 53 år gamal. Han vart gravlagd på kyrkjegarden som ligg ved kyrkja. Det var strålande vårvér denne dagen, og nærare 600 personar følgde Terje Aannerød til den siste kvilestaden. I minnesamværet tok 15 personar ordet. Det vart teikna eit vakkert bilete av ein person som hadde evne til å sjå den enkelte.

- Det første som slår meg når eg tenkjer på Terje, er blikket hans og innstillinga hans, sa kollega Bjarte Nese.

Mange møtte fram på gravferda.
Mange møtte fram på gravferda frå Fjell kyrkje i dag.

I tillegg til biskop Halvor Nordhaug, deltok prest Bjarte Nese og Maria Tvedten under gravferdsseremonien i kyrkja. Det var musikalske innslag ved Hermund Rebnord, Tormod Rebnord, Trygve Hellesen, Svein Tonstad, Eivind Kausland Lie, Hilde Myhr og Henning Vik. Diakon Torbjørn Fjøren leia minnesamværet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 05.04.2019